Ruglbotn er leveområde for mellom anna skjell, børstemark, krepsdyr og kråkebollar.Foto: Erling Svensen/Havforskingsinstituttet
Ruglbotn er leveområde for mellom anna skjell, børstemark, krepsdyr og kråkebollar.Foto: Erling Svensen/Havforskingsinstituttet
Ruglbotn er leveområde for mellom anna skjell, børstemark, krepsdyr og kråkebollar.Foto: Erling Svensen/Havforskingsinstituttet

Forskar på korleis oppdrett påverkar ruglbotn

Utslepp kan ha negative effektar på såkalla ruglbotn i nord.

Nyleg gjennomførte Havforskingsinstituttet eit tokt i Lofoten for å ta prøver av ruglbotn. 

Rugl er forkalka raudalgar. Ruglbotn vert danna når rugl legg seg lag på lag i store teppe på grunn sjøbotn. Det er eit rikt habitat for mellom anna muslingar, kråkebollar, sjøstjerner og børstemark.

I Lofoten har forskarane tatt prøvar av ruglbotn frå område både med og utan oppdrett, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider. Målet er å finna ut korleis og i kva grad kalkalgane og dyresamfunnet rundt blir påverka av utslepp frå anlegga. Dette veit ein lite om i dag.

Frå lab til naturen

- Laboratoriestudiar har vist at utslepp kan ha negative effektar på veksten og overlevinga til kalkalgane. Likevel er det viktig å undersøkja korleis dette verkar under naturlege høve, seier forskar Vivian Husa i meldinga.

Ho meiner undersøkinga spesielt er viktig fordi det vert meir lakseoppdrett i nord. Her er det vanlegare med ruglbotn, som trivst i grunne sjøområde ned til 30 meter.

Kvelande og næringsrikt

Kalkalgane er avhengige av lys for å vekse. Partiklar som blir slept ut frå oppdrettsanlegga kan hindra lystilgangen og dermed redusere eller kvele veksten. Partiklane kan vere skadelege for nokon av artane som lever på og ved ruglen, men kan også trekke til seg dyreliv. 

Dette er blant effektane forskarane no håpar å vita meir om når dei har analysert prøvane dei har samla i Lofoten.

Transplantasjon av prøvar

I tillegg til kartlegging av artsmangfald og fysiologiske prøvar av kalkalgane gjer forskarane såkalla transplantasjonsstudiar. Det inneber at dei «transplanterer» kjerneprøvar av ruglbotn frå område utan oppdrett til område med oppdrett, og motsett.

Prøvane er samla i spesiallaga korger med heile dyresamfunnet intakt. Neste år skal forskarane tilbake for å sjå korleis det står til.

Store førekomstar

- Ruglbotn finst over heile verda, og er verna i mange land. Men ikkje i Norge. Her finst det lite kunnskap om det, seier postdoktor Erwann Legrand i meldinga. 

Han har teke doktorgrad på ruglbotn i Frankrike. Han trur at denne naturtypen finst mange stader langs kysten frå Trøndelag og nordover. Kan hende nokon av de største førekomstane i Europa. 

Legrand håpar å kunna presentera resultata på ein internasjonal konferanse for ruglforskarar i Newfoundland i Canada neste år.

( VILKÅR )
 
Del saken