Lofotodden: Lofotodden er en av våre nasjonalparker. Den stenger for utvikling av havbruk i området som er vernet.Arkivfoto: Ukjent
Lofotodden: Lofotodden er en av våre nasjonalparker. Den stenger for utvikling av havbruk i området som er vernet.Arkivfoto: Ukjent
Lofotodden: Lofotodden er en av våre nasjonalparker. Den stenger for utvikling av havbruk i området som er vernet.Arkivfoto: Ukjent

Berekraftig marint vern

For å ta bort noko av konfliktnivået rundt marint vern bør det vere kompensasjon for dei som vert spesielt hindra i etablert næringsverksemd eller rekreasjon på grunn av vernet.

Når mange vert samde om ei stor og positiv samfunnsendrande sak, må vi først og fremst glede oss og å få fart på arbeidet. På mange måtar har den nesten totale hyllesten av, og oppslutninga om, FN sine 17 bærekraftsmål vore slik.

For Norge har havets betydning for trygg økonomi og betre ernæring gjennom sunn sjømat vore saker knytt opp mot bærekraftsmåla. Norge har vore ein pioner i arbeidet med økosystembasert havforvaltning gjennom våre forvaltningsplanar og også i prosessarbeidet med dei berørte partar. Vi har hatt som klare mål å forvalte havet og fiskeriressursane godt og i eit evig perspektiv og forhindra forureining. Nye arbeidsplassar er også blitt skapt og skal skapast i nye havnæringar uten at det går ut over havets verdi og produksjon. Då kan det snike det seg inn ein tanke, er det mogeleg ?

Ikkje nokon stor pådrivar

Hadde dette vore så enkelt så hadde vi vel bestemt det før, kan man få ein mistanke om. Og av og til vil nok hyllesten av bærekraftsmåla og spesielt bærekraftsmål 14, verte litt meir problematisk når vi går djupare og ser på dei konkrete tiltaka. 

Av tiltaka i bærekraftsmål 14 er det nokon som hastar og der vi alt i 2020 skulle vere komne langt, og det er innan etablering av marint vern. På dette feltet kan Norge neppe kan seiast å ha vore ein stor pådrivar. Mål nr. 14.5 seier at vi innan 2020 skal bevare minst ti prosent av kyst- og havområda i samsvar med nasjonal rett og folkeretten og på grunnlag av den beste vitskapelege kunnskap tilgjengeleg.

Litt rakare i ryggen

Det har ikkje vore nokon enkel sak i Norge. Alt i 1987 var Hordaland det fyrste fylket der vart lagt fram ein plan for marine verneområde der blant anna Lindåspollane i nye Alver kommune var blant dei mest prioriterte for vern. Då er det faktisk litt stas at dette vert ei gladsak for fylkesordførar Askeland og andre at vernet ser ut til å skje i no 2020 for då det må vore visse skjær i sjøen bokstaveleg talt. Men vi ser at aksept av eit visst vern er ei modningsprosess her også. Norge kan stå litt rakare i ryggen når breidda i bærekraftsmålet om å ta vare på havet vert diskutert med ei rad nye verneområde rundt landet.

Kontroversielt vern

På slutten av 1980-talet var marint vern så kontroversielt at ein også innad i Naturvernforbundet var redd for å fremme slike saker fordi man var redd for å kome i konflikt med fiskeinteressene. Men etter kvart som dei norske havområda vart undersøkt nøyare blant anna i Mareano-prosjektet og djupvannskorallane vart funne og nøyare kartlagt vart nye alliansar laga og deler av fiskerinæringa var med å heie fram vern av Røstrevet. Det viser og kor viktig kunnskap og kartlegging er for å få fram breidda i naturen under vatn. Her har vi også mykje å gjere.

Ved Universitetet i Bergen etablerer vi i desse dagar eit senter for arbeid med arealarealkonflikar, Center for Sustainable Area Management (Cesam) som eit bidrag og håpar det vil kunne gje gode tverrfaglege innspel i ein del vanskelege prosessar. Det er sterke arealkrav frå mange aktørar med høgverdige mål; marin transport, akvakultur, fiskeri, petroleum og også vindkraft til havs. I dette skal økosystema også ha gode vilkår. Eg trur nok at mange som går rundt med marine bærekraftsnåler som meiningsfull pynt, ikkje er heilt klar over at dei reklamerer for meir marint vern.

Ein del land har alt klart det

Marint vern er på ingen måte eit tiltak som løyser alt. Størstedelen av havet vil aldri bli underlagt noko vern og denne delen av havet treng god berekraftig økosystembasert forvaltning. Det hjelper ikkje å ha fine vernområder i havet dersom plast, havforsuring, oksygensvinn, temperaturauke og miljøgifter fører til at verneverdiane vert redusert og kanskje borte. Men det igjen er ikkje noko argument for ikkje å prøve å la miljøet og faktisk evolusjonen få styre i nokon marine område inklusive til forskingsformål. FN-målet om 10 prosent vern er jo ambisiøst, men ein del land har alt klart det. Før dei nye marine verneområda som vart foreslått sist veke var det i Norge om lag 3 prosent  marint areal med vern innanfor norsk territorialfarvatn.

Kan ikkje berre plukke dei som passar

No er det også slik at vern er så mangt og dette vil sjølvsagt variere med verneformålet. På land har det vore ulike graderingar av vern frå strengt vern i naturreservat til mindre strengt i landskapsparkar. 

Verneformåla er mange og ofte knytt opp mot å ta vare på eit representativt utval av lite berørte naturtypar og økosystem. Område med sjeldne artar og/eller stort mangfald er andre døme. Men det er viktig at vernet på marin side gjeld breitt. Ikkje nok å verne ei viktig grunne til havs mot botntråling om oljeboring vert tillate. For å ta bort noko av konfliktnivået bør det vere kompensasjon for dei som vert spesielt hindra i etablert næringsverksemd eller rekreasjon på grunn av vernet. Men ein får tru at mindre konfliktar vert løyst kjem med god kunnskap om ulike sider av saker og tiltak.

Vi vil nok alle kjenne på at ikkje alle bærekraftsmåla er like viktige for oss. Men skal arbeidet hjelpe planeten til ei berekraftig framtid for menneske, natur og økonomi kan vi heller ikkje berre plukke dei som passar, men prøve å sjå heilskapen. God badesommar i reint hav.

Les også andre gjestekommentarer Amund Måge har skrevet for Tekfisk:

( VILKÅR )
 
Del saken