Anders Mangor-Jensen og Birgitta Norberg matar raudspette-yngelen på forskingsstasjonen på Austevoll. Foto: Marthe Njåstad
Anders Mangor-Jensen og Birgitta Norberg matar raudspette-yngelen på forskingsstasjonen på Austevoll. Foto: Marthe Njåstad
Anders Mangor-Jensen og Birgitta Norberg matar raudspette-yngelen på forskingsstasjonen på Austevoll. Foto: Marthe Njåstad

Ikkje sidan 2. verdskrig har det blitt forska på oppdrett av raudspette

No ønsker ein å sjå om raudspetta kan bli ein ny robust oppdrettsart.

- Raudspette ville kunne bli ein viktig oppdrettsart. Men det er avhengig av me får ein god vekst på dei, at me får god filetkvalitet og prisen må opp, seier seniorforskar Anders Mangor-Jensen til IntraFish.

På forskingsstasjonen til Havforskingsinstituttet (HI) på Austevoll føregår det no forsking på raudspetta. 15.000 larvar er blitt til yngel den siste månaden. Med godt resultat.

- Det ser ut til at fisken er svært robust og med minimalt tal på daude fisk. Det me ser er at raudspetta toler meir. Ho er mykje enklare å jobbe med enn til dømes kveita, seier prosjektleiar ved HI, Birgitta Norberg.

zoomRaudspette-yngelen blir produsert oppi to kar som dette. Etter kvart skal dei flyttast over til større kar kor dei kan vekse vidare.
Raudspette-yngelen blir produsert oppi to kar som dette. Etter kvart skal dei flyttast over til større kar kor dei kan vekse vidare.

Modell for annan fisk

Forskarane på HI vil sjå om raudspetta kan brukast som modell for kveite og anna flatfisk, i tillegg til å sjå om det mogleg å bruke arten i kommersielt oppdrett.

- Me kan bruke fisken til å sjå på korleis ein kan ta ein art og lage ein god oppdrettsart av den. Den kan bli ein modell for kveite og anna flatfisk som ein slit med, seier Norberg, og legg til:

- Raudspette har i dag ein låg pris, så ingen ønsker å sette i gang med oppdrett utan vidare. Men me ser dette som eit spennande alternativ. Fisken kan vere enklare og billigare å få til for oppdrettarane, og lett å ha i RAS-anlegg heile vegen.

Det som står att no er å sjå om raudspetta veks godt.

- Me veit endå ikkje om me kan få ein stor, fin fisk som det kan vere marknad for.

Treng alternativ

Anders Mangor-Jensen meiner det er viktig å finne alternativ artar ein kan bruke til matfisk i Noreg.

- Me er veldig smale i Noreg når det gjeld oppdrett, me har mykje laks og litt aure - og så har me rognkjeks og berggylte. Men dei to siste er ikkje artar som me et. Dei blir berre oppdretta for å vere reinhaldsarbeidarar oppi laksenøtene. Det som eg i mine lyse studer ser for meg, er at me kan få ein ny kommersiell akvakulturart - som kan vere lett og grei å produsere og tilpassa det norske klimaet. Men han må vere lønsam, elles er det ingen som heldt på med det. Det krev at me klarer å lage eit produkt som er betre enn det ein kan fiske i havet, seier Mangor-Jensen.

Betre fiskevelferd

Han trekk også fram fiskevelferd som ein viktig faktor for å få fram nye artar.

- Avlusing er tøffe greier for fisken, og fører ofte med seg høge dødstal. Med produksjon av raudspette på land i lukka anlegg, vil ein ikkje få dette problemet. Det er gøy å få inn eit nærast uskrive blad i kjeda vår. Finn nokon ein kur for lakselus i morgon, så har me ikkje bruk for reinsefisk, og då må dei som har investert i produksjonseiningar på reinsefisk ha eit alternativt. Her kan raudspetta kome inn i bildet.

Seniorforskaren understrekar at ein er avhengig av å lage ein fisk som har god fylde på fileten. Målet er å få raudspetta til å bli over eitt kilo.

- Det skulle ikkje vere umogleg når ein ser på andre artar som me har tatt inn i oppdrett. Nokre gonger har me raudspette som har forvilla seg inn i laksenøter, og dei et seg veldig store. Så at det er mogleg, det veit me.

zoomHI-forskarane Anders Mangor-Jensen og Birgitta Norberg er svært fornøgde med at produksjonen av raudspette-yngelen har vore vellukka.
HI-forskarane Anders Mangor-Jensen og Birgitta Norberg er svært fornøgde med at produksjonen av raudspette-yngelen har vore vellukka.

Langt forskingsarbeid

Norberg understrekar at det er mange år med forskingsarbeid som gjer at ein klarer å sette i gong med raudspetta.

- Me har forska lenge på kveite og andre artar, slik at me har hatt god kunnskap med oss når me starta no, seier Norberg.

Dei neste åra blir svært spennande for prosjektet.

- Me har eit tidsperspektiv på to til tre år. Det første året vil seia oss ganske mykje om vekstpotensial, og så må me sjå kor lang tid det tek før fisken blir kjønnsmoden. I oppdrett får fisken god tilgang på mat slik at han blir fortare kjønnsmoden enn villfisken. 

- Ikkje umogleg

Sjømatrådet er ikkje framand for at raudspette frå oppdrett kan bli eit spennande produkt i framtida.

- Me har ikkje gjort marknadsundersøkingar knytt til raudspette, men me ser at det er bra etterspurnad etter gode sjømatprodukt - så det burde ikkje vera umogleg å få det til med raudspette. Skal ein finne ut om det er potensial, så bør ein gjere nærare undersøkingar, seier forretningsutviklar for innsiktstenester i Noregs sjømatråd, Jan Eirik Johnsen.

zoomJan Eirik Johnsen i Noregs sjømatråd.
Jan Eirik Johnsen i Noregs sjømatråd.

Produkt frå Noreg har generelt eit godt rykte på seg, fortel han.

- Det er viktig å understreke at det krevjast ein viss tidshorisont på å bygge ein posisjon i marknaden, og tid og ressursar om ein skal lukkast. Det er konkurranse om merksemda i dei ulike marknadene. Men me ser at Noreg har ein utruleg sterk posisjon, og det nyttar me for nye artar ute i marknaden. Plattforma me har bygd vil vera ein fordel for nye artar som raudspette. Fokuset på opphavet til sjømaten er stort og i samband med korona har det auka endå meir.

Les flere saker fra IntraFish:

( VILKÅR )
 
Del saken