fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.
Satellittbilde av Hardangerfjorden den 30. mai 2020, i den skyfrie pinsehelga.Foto: NASA Worldview data
Satellittbilde av Hardangerfjorden den 30. mai 2020, i den skyfrie pinsehelga.Foto: NASA Worldview data
Satellittbilde av Hardangerfjorden den 30. mai 2020, i den skyfrie pinsehelga.Foto: NASA Worldview data
fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.

Derfor blir fjorden grøn

Hardangerfjorden har no fått ein tydeleg grønfarge som til og med er synleg frå verdsrommet. Ja, det er ein alge, men denne er snill.

Det er kalkalgen Emiliania huxleyi som no blomstrar, slik den ofte gjer om våren.

Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekka av små kalkplater. Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge.

- Det treng ikkje nødvendigvis vere så store mengder som det ser ut til, for Ehux, som vi kallar den, nærmast drysser om seg med kalkplater til vatnet rundt, seier planktonforskar Lars-Johan Naustvoll. 

zoomGjennom mikroskop: Emiliania Huxleyi er om lag 5 mikrometer stor, det vil seie 5 tusendelar av ein millimeter. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 75 mikrometer tjukt. 
Gjennom mikroskop: Emiliania Huxleyi er om lag 5 mikrometer stor, det vil seie 5 tusendelar av ein millimeter. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 75 mikrometer tjukt. 

I fjor på denne tida tok oppblomstringar av «dødsalgen» Chrysochromulina leadbeateri livet av store mengder oppdrettslaks i Nord-Norge. Emiliania huxleyi er derimot ein ufarleg mikroalge både for folk og fisk, sjølv om den dannar store, og svært synlege blomstringar.

- Det einaste farlege kan vere redusert sikt for båtfolket. Fiskarar rapporterer også at det blir mindre fisk å få. Det kan henge saman med at også fisken får redusert sikt til å finne bytte, forklarar Naustvoll.

Det er ikkje sikkert kva som fører til at Ehux blomstrar. Den kan gjere det på tider og i områder med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel. Kalkalgene formeirer seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.

Emiliania huxleyi er vanlegast i periodar med varmt vatn og rolege vindforhold. Algen har global utbreiing, mest vanleg frå tropiske til tempererte strøk, men den er også registrert i polare farvatn.

(Denne saka er først publisert hos Havforskningsinstituttet. Dei publiserte først ein versjon av denne saka i 2019. Då var det Sognefjorden som hadde kraftigast oppblomstring.)

zoomOppblomstringar av den ufarlege kalkalgen Emiliania huxleyi er lette å oppdage sidan dei gir vatnet ein turkis farge. Som her i Hardangerfjorden. 
Oppblomstringar av den ufarlege kalkalgen Emiliania huxleyi er lette å oppdage sidan dei gir vatnet ein turkis farge. Som her i Hardangerfjorden. 

( VILKÅR )

 
Del saken