Illustrasjon av postsmoltanlegget til Smart Salmon i Smørhamn. Illustrasjon: Smart Salmon
Illustrasjon av postsmoltanlegget til Smart Salmon i Smørhamn. Illustrasjon: Smart Salmon
Illustrasjon av postsmoltanlegget til Smart Salmon i Smørhamn. Illustrasjon: Smart Salmon

Smart Salmon får oppdrette matfisk på land i Bremanger

Selskapet håper å setta spaden i jorda til hausten.

Smart Salmon fekk allereie i 2016 konsesjon til å bygga settefiskanlegg for produksjon av inntil 2500 tonn postsmolt på lokaliteten Smørhamn i Bremanger kommune i Vestland.

I april i år fekk selskapet løyve til å produsera inntil 5000 tonn slakteklar matfisk av laks, aure og regnbogeaure på same lokalitet. 

- Det er gledeleg å endeleg få konsesjonen, seier Bakke til Intrafish.no

Han fortel at søknadsprosessen har tatt tid: 

- Det har vore litt fram og tilbake, og nokon utfordringar. Men etter konstruktiv og god dialog så har myndigheitene fått papira dei trengde, og me har fått konsesjonen. 

Bakke driv selskapet saman med brørne Ola og Stig Bakke.

zoomPetter Bakke, styreleiar i Smart Salmon. Bakke er også styreleiar i Norsk Marin AS, som eig Nordfjord Forsøkstasjon.
Petter Bakke, styreleiar i Smart Salmon. Bakke er også styreleiar i Norsk Marin AS, som eig Nordfjord Forsøkstasjon.

Utfordrande finansiering

No manglar berre pengane før bygginga av anlegga kan starta.

- Finansieringa har vore utfordrande. Det har ikkje blitt lettare med koronasituasjonen, men me jobbar på. Me har trua. No har me totalt konsesjon for 7500 tonn, men det blir ikkje alt på ein gong, 

Det mest realistiske vil vera å bygga ein del av smoltanlegget først for å redusere kapitalbehovet, fortel han.

- Me har konkrete potensielle investorar, og me håpar me kan setta spaden i jorda i løpet av hausten.

Har tomt i Frankrike

Selskapet har også signert kjøpeavtale på 100 mål i Bretagne i Frankrike, og selskapet jobbar med konsesjon for produksjon av 10.000 tonn matfisk laks på land der.

- Vi jobbar framleis med konsesjonen i Frankrike. Det går framover, men det tar tid. Frankrike er eit byråkratisk land, seier Bakke.

Ser behov for storsmolt

Styreleiaren seier det er to hovudgrunnar til at dei har engasjert seg i landbasert oppdrett:

- Me ser behov for storsmolt i marknaden. Det er for lite storsmolt, og der trur me at me kan fylla hol i marknaden. Og så har vi stor tru på teknologien. Vi har tenkt å bruke Aqua Maof som teknologileverandør, og me meiner denne teknologien er veldig god. Det er ingen i Noreg som har tatt den i bruk førebels, men den blir brukt på mange ulike fiskeslag rundt om i verda. Grieg bygger eit anlegg i Newfoundland med denne teknologien på laks. Den er enkel, trygg og kostnadseffektiv, seier Bakke. 

Måtte få dispensasjon

Smart Salmon søkte om konsesjonen for matfisk i mars 2017, men mellom anna var plasseringa av lokaliteten i strid med reguleringsplanen og kommunen måtte gje dispensasjon frå planen for tiltaket. «Handsaminga av søknaden har difor teke lang tid og den var først komplett 03.02.2020.» skriv Vestlandsfylke i vedtaket.

Anlegget skal bruka ei blanding av ferskvatn og sjøvatn, men hovudsakleg sjøvatn. 99 prosent av vatnet skal vera resirkulert.

Likte du denne artikkelen? Les fleire saker frå intrafish.no: 


( VILKÅR )
 
Del saken