Elise Thomassen og Arne Halvorsen registrerer data på kjønnsmoden rognkjeks hjå Namdal Rensefisk. Foto: Namdal Rensefisk
Elise Thomassen og Arne Halvorsen registrerer data på kjønnsmoden rognkjeks hjå Namdal Rensefisk. Foto: Namdal Rensefisk
Elise Thomassen og Arne Halvorsen registrerer data på kjønnsmoden rognkjeks hjå Namdal Rensefisk. Foto: Namdal Rensefisk

Rognkjeksen hjå Namdal Rensefisk skal tole dødeleg sjukdom

Har valt ut ein foreldregenerasjons om skal vera meir motstandsdyktig mot sjukdom.

Tidleg i mars vart den første generasjonen av eigenprodusert stamfisk strokne hjå Namdal Rensefisk i Flatanger. Rensefiskanlegget opna i januar 2019 eit eige avlsanlegg for rognkjeks i samarbeid med ei rekke selskap i havbruksnæringa. No er det blitt valt ut ein robust foreldregenerasjon som skal vera meir motstandsdyktig mot sjukdom.

- Me har gjort ein seleksjon for atypisk furunkulose. Det blei gjort når me strauk den første stamfisken. Det blei plukka ut både hannfisk og hofisk som hadde høgare resistens mot sjukdommen, seier administrerande direktør i AquaGen, Nina Santi, til IntraFish. 

AquaGen er ein av eigarane av reinsefiskanlegget og har hovudansvar for avlsarbeidet.

zoomBilde av kjønnsmoden rognkjeks frå Namdal Rensefisk. Den kjønnsmodne hannfisken/rognkallen (framfor) er mindre, men meir fargerik enn den kjønnsmodne hannfisken/rognkjeksen (bak).
Bilde av kjønnsmoden rognkjeks frå Namdal Rensefisk. Den kjønnsmodne hannfisken/rognkallen (framfor) er mindre, men meir fargerik enn den kjønnsmodne hannfisken/rognkjeksen (bak).

Viktig årsak

Atypisk furunkulose er ein infeksjon forårsaka av atypiske variantar av bakterien Aeromonas salmonicida. Den rammar mellom anna laks og reinsefisk slik som rognkjeks, berggylt, grønngylt og bergnebb.

Sjukdommen er ei viktig årsak til død hjå rognkjeksen, fortel Santi.

- Atypisk furunkulose er det største sjukdomsproblemet når det kjem til å halda rognkjeksen frisk i sjøen, og årsaka til at ein tapar ein god del fisk akkurat i dei varme sommarmånadene.

Santi seier vidare at det finst vaksinar som gir eit visst vern, men ikkje tilstrekkeleg. 

- Me vil ikkje få til full resistens hjå fisken no ved første uttak, men han har betydeleg auka resistens, og over tid vil han bli stadig høgare.

zoomNina Santi, administrerande direktør i AquaGen.
Nina Santi, administrerande direktør i AquaGen.

Stor milepæl

Direktøren for AquaGen seier selekteringa av foreldregenerasjonen er ein stor milepæl for dei.

- Dette er kjempeviktig. Me har hatt ein gjennomgang av ulike eigenskapar me ønsker å selektere på, éin ting er eting av lus, men fordi me treng ein frisk fisk ønsker me å prioritera sjukdomsresistens i dei første åra.

Å finna rognkjeks som er ekstra glad i lus, er også viktig, men litt meir krevjande.

- Me jobbar endå med utviklinga for å få gode verktøy for å plukka ut rognkjeksen som et mykje lus. Det som vi har av verktøy per no, er å avliva rognkjeks og tella lus ifrå magen. Me ønsker oss betre verktøy som ikkje krev avliving av fisken. Me burde ha utvikla hurtigtestar for å sjå kva for rognkjeks som har spist mykje lus. Det er framleis på utviklingsstadiet, seier Santi.

Namdal Rensefisk

  • Namdal Rensefisk AS vart oppretta i 2016 og ligg i Flatanger i Trøndelag.
  • Selskapet er eigd av Bjørøya, Marine Harvest, Midt-Norsk Havbruk, Emilsen Fisk, Nova Sea og AquaGen.
  • Har ein årleg produksjon på rundt to millionar rognkjeks.
  • Opna i januar 2019 eit eige avlsanlegg for rognkjeks. 
  • Stamfiskproduksjonen har tatt i bruk fleire viktige resultat basert på forskingsprosjektet Cyclobreed, som vert leia av Nofima ved seniorforskar Velmurugu Puvanendran, med støtte frå FHF, NTNU og AquaGen.

Kjelde: Namdal Rensefisk og AquaGen

Viktig med god ernæringsstatus

Målet er at Namdal Rensefisk skal kunna levera rognkjeks med forbetra eigenskapar til havbruksnæringa i 2021. 

- Det er viktig å hugsa på at ein frisk populasjon av rognkjeks med god ernæringsstatus, vil eta lus og han vil reinsa laksen. Det viktigaste fokuset vårt i sjøproduksjon og i avlsarbeidet er å få ein rognkjeks som er frisk og som et godt. I mi meining er den største utfordringa med rognkjeks i sjø at me ikkje har vore flinke nok til å halda ein god ernæringsstatus på han og gitt han nok matog god mat. 

Ønsker å styra modninga

Det har vore få døde fisk og god status gjennom heile produksjonssyklusen i stamfiskanlegget kan Nina Iversen fortelja. Ho er utdanna marinbiolog og har ansvaret for oppfølginga av stamfisken og koordinering av avlsarbeidet i anlegget. Dei bruker mykje tid på god røkt og ikkje minst sørge for god kvalitet på vatnet.

zoomProduksjonsbiolog Nina Iversen i Namdal Rensefisk heldt rognkjeks som er blitt stroken.
Produksjonsbiolog Nina Iversen i Namdal Rensefisk heldt rognkjeks som er blitt stroken.

- Me prøver oss fram, men har også fått god input frå ulike samarbeidspartnarar og prosjekt me har vore med på. Me har køyrt to grupper på ulikt lys- og temperaturregime, for å kontrollera modning. Målet er å kunna styra modninga mot ønska tidspunkt, slik at ein har tilgang på rogn store delar av året. Det som står att er å sjå på rognkvalitet og yngelutvikling.

Hyppige prøvar av fisken

Ved anlegget blir det tatt mange prøvar av fisken gjennom heile syklusen for å sjå at det ikkje er sjukdom i anlegget.

- Dette gjer me for å kunna dokumentera smittefri stamfiskproduksjon, og samtidig kunna setta inn tiltak viss me oppdagar noko som er uregelrett, fortel Iversen.

Ho seier at dei hadde ein strykerunde i veke 14, og at dei satsar på to rundar til før sommaren. Dei vil få om lag 200 familiar per år - for å få stor nok genetisk variasjon. Dei 200 familiane vil gå vidare som avlskandidatar i avlsanlegget, slik at dei kan brukast til å bli nye foreldre og inngå i nye forsøksgrupper. 

- Så vil den same rogna basert på den same stamfisken leggast inn i produksjonsanlegget vårt. Slik at det selekterte materialet vil gå vidare i ordinær produksjon, seier Iversen.

zoomPå bildet ser ein nybefrukta rognkjeksrogn frå stamfiskanlegget til Namdal Rensefisk. 
På bildet ser ein nybefrukta rognkjeksrogn frå stamfiskanlegget til Namdal Rensefisk. 

- Spennande å sjå

Det vil vera ein slags overgangsperiode hjå Namdal Rensefisk framover.

- I vår har me stroke både villfanga stamfisk og eigenprodusert som er selektert. Me vil få to ulike grupper som går gjennom anlegget samstundes. 

Iversen seier det blir spennande å sjå korleis yngel av villfanga opphav og yngel av eigenprodusert opphav vil prestera gjennom ordinær produksjon, men også korleis dei presterer i sjøen. 

- Me håpar å kunna ha tett oppfølging av desse heilt frå klekking til ferdig enda syklus i sjøen. Forhåpentleg vil første utsett av selektert yngel kunne settast ut i sjøen første halvår 2021, avsluttar Iversen.

zoomAvlsanlegget ved Namdal Rensefisk vart opna 9. januar 2019. Frå venstre: Seniorforskar Tim Knutsen i AquaGen, dagleg leiar Per Anton Løfsnes i Namdal Rensefisk, produksjonsbiolog Nina Iversen i Namdal Rensefisk, administrerande direktør Nina Santi i AquaGen og teknisk leiar Geir-Tore Olsen i Namdal Rensefisk.
Avlsanlegget ved Namdal Rensefisk vart opna 9. januar 2019. Frå venstre: Seniorforskar Tim Knutsen i AquaGen, dagleg leiar Per Anton Løfsnes i Namdal Rensefisk, produksjonsbiolog Nina Iversen i Namdal Rensefisk, administrerande direktør Nina Santi i AquaGen og teknisk leiar Geir-Tore Olsen i Namdal Rensefisk.

Les også desse sakene frå IntraFish: 

( VILKÅR )
 
Del saken