fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.
Brisling.Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet
Brisling.Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet
Brisling.Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet
fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.

Ferske DNA-analyser viser: Brisling i fjord og i hav er ikkje i «familie»

Resultata har delt inn brislingen i nye bestandar.

Tidlegare var brisling delt inn i ulike bestandar i Nordsjøen, Skagerrak- Kattegat med tilhøyrande norske fjordar og Østersjøen.

Det var fram til havforskarane analyserte DNA-prøver av 2 500 brislingar frå 40 stader i dei nære havområda våre.

Ikkje utveksling mellom hav og kyst

- Vi ser tre heilt distinkte «brislingfamiliar»: Norskekysten, Nordaust-Atlanteren i eitt og Østersjøen, seier havforskar Cecilie Kvamme.

- Det er med andre ord ikkje slik at brisling frå havet kan gi påfyll i norske fjordar.

Kvamme trur ikkje avstand er det avgjerande, ettersom prøver frå Lysefjorden skil seg markant frå Nordsjøen, «berre» 250 kilometer unna.

Elles var genane slåande like langs den 1 500 km lange, norske kystlinja.

- Det kan vere at havbrislingen og kystbrislingen er tilpassa ulike miljø, og derfor ikkje har noko med kvarandre å gjere, forklarar ho.

Nye metodar gir nye bestandar

Det har vore kjent at bestandsinndelinga av brisling ikkje nødvendigvis har stemt heilt overeins med biologien.

- Dei nye DNA-metodane lar oss dele inn bestandane frå blanke ark, seier Kvamme.

Resultata er allereie tatt omsyn til når Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) gir kvoteråd. Her er den nye inndelinga, der Nordsjøen er slått saman med Skagerrak og Kattegat, mens brisling langs Norskekysten er skilt ut:

zoomKartet viser kor prøvane er tatt (nummera), og områdeinndelinga ICES har lagt til grunn for siste kvoteråd for brisling. 
Kartet viser kor prøvane er tatt (nummera), og områdeinndelinga ICES har lagt til grunn for siste kvoteråd for brisling. 

Greitt med brisling i havet, mindre i fjordane

I april kom ICES med eit ferskt kvoteråd for brisling i det «nye» området Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Der rår ICES til at det kan fiskast opptil 207 807 tonn i fiskesesongen 2020-2021. (Sjå det tekniske kvoterådet.)

Det er greie tider for brislingen i havet. I fjordane er situasjonen ein litt annan.

Fangstane i norske fjordar var rundt 18.000 tonn i 1973, mot 1 315 tonn i 2018.

Vil forske meir på kystbrislingen

- Vi veit ikkje fullt ut kva som gjer at det er mindre brisling i fjordane, så dette må vi undersøke vidare. Men ut frå dei nye resultata, kan vi no sjå på kystbrislingen heilt uavhengig av svingningane til bestandane i havet, seier Cecilie Kvamme.

For 2019 gav Havforskingsinstituttet kvoteråd for tre norske fjordar basert på toktundersøkingar. Rådet vårt var at det var forsvarleg å fiske opptil 240 tonn i Hardangerfjorden og 80 tonn i Nordfjord. HI rådde mot fiske i Sognefjorden.

Det norske kystfisket aust for Lindesnes har vore del av Skagerrak og Kattegat-kvota. Fisket har vore lågare enn kvota.

Denne artikkelen er opprinnelig publisert på Havforskningsinstituttets hjemmeside.

( VILKÅR )
 
Del saken