PLAST PÅ AVVEIE: «Plastkvalen»fekk eit enormt internasjonalt gjennomslag og sette nytt fokus på plast som miljøproblem.Foto: Terje Lislevand, Universitetet i Bergen
PLAST PÅ AVVEIE: «Plastkvalen»fekk eit enormt internasjonalt gjennomslag og sette nytt fokus på plast som miljøproblem.Foto: Terje Lislevand, Universitetet i Bergen
PLAST PÅ AVVEIE: «Plastkvalen»fekk eit enormt internasjonalt gjennomslag og sette nytt fokus på plast som miljøproblem.Foto: Terje Lislevand, Universitetet i Bergen

Vi må ikkje gløyme kor alt plastavfallet hamnar

Koronapandemien fyller både media, dagane og mykje av tankekapasiteten i desse dagar. Men skal kloden bli berekraftig må vi spele på lag med naturen.

Då er det viktig at me ikkje gløymer dei mange miljøproblema vi sto i før utbrotet.

«Plastkvalen» blei internasjonal kjendis

I januar var det tre år sidan ein tilsynelatande sjuk gåsenebbkval vart oppdaga på Sotra. Den har seinare fått namnet blekhodenebbkval som rett norsk vitskapeleg namn. Mens man normalt i forskingsverda er oppteken av gjennomslag i form av at andre siterer forskingsartiklar, fekk «plastkvalen» eit enormt internasjonalt gjennomslag og sette nytt fokus på plast som miljøproblem. Den stakkars kvalen oppfatta nok plastposar som blekksprut som den normalt lika å ete og hadde så mange i magen at maten ikkje kom gjennom lenger.

Men det var på det tidspunktet alt aukande internasjonal merksemd i form av forskingsutlysingar blant anna i EU gjennom og fleire norske institutt som NORCE, Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og NIVA hadde prosjekt i gang særleg på å kartlegge spreiing av plast i ulike størrelsar og med ulik samansetjing.

Dugnadsånda slo til

Plastkvalen var med og fekk eit stort folkeleg engasjement og svært mange enkeltpersonar, organisasjonar og lag har vore aktive med i oppreinsking i langs kysten og tonnevis av plastavfall er samla inn, mykje på dugnadsbasis. Mange har delteke med liv og lyst og det følast også godt å kunne gjere praktisk arbeid for å fjerne avfall og forureining.

Vitskapen har også vendt seg mot å forske på plastproblematikk. Særleg det faktum at det som vert tilført naturen og i havet som produkt på avvege, sakte med sikkert vert brote ned til mindre og mindre partiklar. 

Nesten overalt på kloden

Man har klart å måle små (mikrometer), og bitte små partiklar (nanometer) nesten overalt på kloden; i luft, på land og i havet. Fokuset vert ganske fort retta mot planter og dyr og om plast har negativ effekt, ikkje berre på enkeltindivid med på bestandar og økosystem. Og då kom trongen for å vite noko om det kvantitative og ikkje berre det kvalitative. Altså kor mykje er det av ulike typar plastpartiklar i ulike størrelsar og former og med ulike tilsetjingsstoff.

Her viste det seg og snart at dette var ganske så avansert vitskapeleg når det gjeld å kunne måle rett og å kunne reprodusere resultat. Det er heilt nødvendig om ein skal måle på effekt og å kunne samanlikne skader av ulike plasttypar så her er det no stor forskingsaktivitet.

 Dette må også vere på plass, dersom man seinare skal kunne setje fornuftige grenseverdiar for økologiske skade og mattryggleiksgrenser. Det trengst og for at forbrukarane skal kjenne seg trygge.

Meir plast enn fisk?

Plast har vist seg å vere eit populært og anvendeleg materiale, lett og forme og kjem i mange former. Produksjonen på verdsbasis var i 2018 rundt 360 millionar tonn mens vi frå havet hausta rundt 80 millionar tonn villfisk. 

Eg trur ikkje det vert meir plast i havet enn fisk, men med slik produksjon, seier deg sjølv at det er ei uhyre viktig oppgåve å laga system for at denne plastmengda ikkje vert tilført naturen der havet ofte er opphopingsplass. 

Den må vert henta tilbake, helst til ekte resirkulering eller i det minste at vi har dette volumet av plast er under kontroll slik at det ikkje skadar naturen som makroplast eller mikroplast. 

Her trengst det sirkulær økonomi. Det trengst også tverrfagleg tilnærming frå det private og offentlege og det trengst tverrfagleg forsking i akademia og utvikling for å kunne evaluere, velje og gjennomføre gode system. 

Her trengst det nok også ein forskingsdugnad som inkluderer nær alle fag; jus, økonomi, politikk, psykologi, medisin for å emne noko i tillegg til naturvitskapen.

Meir plastbasert medisinsk utstyr

I desse dagar vert naturleg nok fokuset meir på koronakrisen enn på forureining og plast. Vårt mindre mobile liv i mange deler av verda kan i forhold til miljø slå ut i ulike retningar. Mindre CO2-utslepp i høve til transport, men kanskje minst like mykje avfall som før. 

Vi ser alt auka bruk av plasthanskar og anna verneutstyr og sikkert også auka bruk av meir plastbasert medisinsk utstyr. Dette er nødvendig og bra, men vi må ikkje gløyme å ha tankar på kor avfallet hamnar i ei krisetid også. 

Gode avfallssystem trengst meir enn nokon gong. Og behovet for sunne økosystem og rein natur minskar ikkje om vi skal kome best mogeleg ut av koronakrisa.

( VILKÅR )
 
Del saken