Frå skreitoktet 2019, trålprøvefangst om bord på «Johan Hjort».Foto: Havforskingsinstituttet
Frå skreitoktet 2019, trålprøvefangst om bord på «Johan Hjort».Foto: Havforskingsinstituttet
Frå skreitoktet 2019, trålprøvefangst om bord på «Johan Hjort».Foto: Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet må avlyse seks tokt

Prioriterer leveransar til bestandsrådgjevinga, men kolmuletoktet vert kansellert.

Koronapandemien får store konsekvensar for toktprogrammet til Havforskingsinstituttet. Førre veke sa forskingsdirektør Geir Huse til Tekfisk at dei jobba hardt for å gjennomføre tokt. Sidan er det klart at skreitoktet vart forseinka, og no melder instituttet at dei avlyser seks tokt. 

Halvparten av toktprogrammet i mars og april er dermed kansellert. 

- Vi har prioritert hardt, og vil gjere det vi kan for at vi får til å gjennomføre dei viktigaste leveransane til bestandsrådgjevinga, til dømes skreitoktet og Egga sør-toktet. Det er likevel ein situasjon der mykje endrar seg på kort tid, og vi tek fortløpande vurderingar, seier Huse i pressemeldinga

Tokta som blir særskilt prioritert leverer viktige data inn i kvoteråd til mellom anna skreien, den kommersielt viktigaste bestanden. 

Kolmuletoktet kansellert

Kolmuletoktet med leigefartøyet «Kings Bay» skulle ha starta denne veka, men to av dei utanlandske fartøya som skulle vore med på toktet har trekt seg. 

- Vi vurderte det difor sånn at uvissa i toktindeksen kunne bli høg, og saman med utfordringane knytt til koronakrisa, valde vi å kansellere toktet, seier Huse. 

Det er vanskeleg å få bemanna toktfartøya. I verste fall kan sjølv prioriterte tokt bli kansellert på grunn av mangel på kvalifisert personell, opplyser reiarsjef Per W. Nieuwejaar. 

- Men slik stoda er no, ser det ut til at vi skal klare å bemanne «G.O. Sars», «Johan Hjort» og «Kristine Bonnevie» med mannskapsskifte i dag, onsdag 25. mars, seier Nieuwejaar i meldinga.

Status for Hjort, Bonnevie og Sars

Skreitoktet skal etter planen gjennomførast med «Johan Hjort». Dei har mannskapsskifte i Trondheim i dag, etter at dei var nøydde til å gi opp i Tromsø, som har innført 14 dagars karantene for folk som kjem sørfrå. Toktet skal avsluttast i Bergen 10. april, står det i meldinga. Dette er to dagar etter det som står i toktprogrammet

«Kristine Bonnevie» gjennomfører mannskapsskiftet. Etter det vurderast det å gjere eit kort oseanografitokt i Hardangerfjorden, for så å gå vidare på å fullføre ein nedkorta versjon av snitt-toktet i mars, det vil seie Svinøy-snittet og Gimsøy-snittet.

«G.O. Sars» vil halde fram med Egga sør-toktet ut ifrå Trondheim, etter å ha gjennomført dagens mannskapsbytte.

Kjem heim frå Afrika og Asia

«Dr. Fridtjof Nansen» held seg til vanleg på tokt i Afrika og Asia, som utgangspunktet for «Nansen-programmet», eit bistandssamarbeid mellom Norad, FAO og HI.

Skipet har ikkje vore heime sidan det reiste frå Noreg i 2017, men grunna koronakrisa er det no på veg til Bergen frå Agadir i Marokko.

Det er venta at fartøyet kjem fram til Bergen laurdag 28. mars.

Her kan du høyre havforskar Erling Stenevik fortelje om korleis dei lagar kvoteråd for sild: 

( VILKÅR )
 
Del saken