Ombygginga av «Ocean Azul» går for fullt, trass i at mykje av mannskapet ved LOS Marine på Rubbestadneset er i karantene. Foto: LOS Marine
Ombygginga av «Ocean Azul» går for fullt, trass i at mykje av mannskapet ved LOS Marine på Rubbestadneset er i karantene. Foto: LOS Marine
Ombygginga av «Ocean Azul» går for fullt, trass i at mykje av mannskapet ved LOS Marine på Rubbestadneset er i karantene. Foto: LOS Marine

Arbeidet med å gjere skjeltrålaren om til eit autolinefartøy skal vere ferdig til våren

Koronakarantene gjer dagane hektiske for LOS Marine som byggjer om det litt spesielle autolinefartøyet «Ocean Azul». Men no er det like før, lovar dagleg leiar Olav Hilmar Koløy.

Då Tekfisk sist vitja LOS marine og totalrenoveringa dei gjer for Pesquera Azul Norge, var hól skorne i alle dekk, og lite vitna om at skroget dei arbeidde på eitt år seinare skal freiste lukka i Sørishavet.

zoomDagleg leiar Olav Hilmar Koløy i Los Marine.
Dagleg leiar Olav Hilmar Koløy i Los Marine.

Hjå LOS marine på Rubbestadneset på Bømlo er det hektiske dagar, sjølv om korona setter ei brems her òg. Arbeidet med å gjere skjeltrålaren «Kovda» til autolinefartøyet «Ocean Azul» skal vere ferdig på vårparten.

Idéhavar er òg reiar

Reiarane i Pesquera Azul Norge har jobba tett saman med utviklarane hos underleverandøren Sago Solutions. Idéhavaren bak nokre av løysingane til Sago Solutions er også ein av tre grunnleggjarar i reiarlaget.

Ingunn Sørvik, dagleg leiar i Sago Solutions, seier ho ser fram til å sjå skipet ferdig.

zoomDagleg leiar Ingunn Sørvik i Sago Solutions.
Dagleg leiar Ingunn Sørvik i Sago Solutions.

- Travelt, men også særs gledeleg når me kan sjå mållina. Fartøyet skal etter planen vere klart på vårparten, og me ser veldig fram til å starte pilottestinga i Sørishavet, skriv ho i ein e-post til Tekfisk.

Ikkje som alle andre

«Ocean Azul» vert ikkje som andre autolinefartøy. LOS Marine har forlenga båthekken med 12 meter, for å gjere rom for Sago Solutions sitt design Sago Combi Pool. Modulen, som gjev fartøyet eit innvendig basseng til mellom anna nyvinninga Sago Extreme, vart bygd ved Kleven verft på Sunnmøre.

zoomAkterenden på «Ocean Azul» vert heist på plass.
Akterenden på «Ocean Azul» vert heist på plass.

Det er LOS Marine på Rubbestadneset som gjer monteringa av modulen og all anna ombygging.

- Me har testa modellar av skroget med og utan Sago Combi Pool hos Stadt Towing Tank i Måløy, skriv Sørvik.

Ut frå desse resultata gjorde dei tilpassingar og testa seg til best mogleg design.

Stor interesse

Sjølv om fartøyet ikkje er ferdig og fangstkonsepta er i prototyp-fase, er mange interesserte i å vite meir om Sago Extreme. Sago Solutions har enno ikkje gått breitt ut med Sago Combi Pool-konseptet.

Eit innvending basseng for ulike løysingar kan nå ut til fleire marknader, trur Sørvik.

zoomTunge tak når 12 meter hekk skal bukserast på «Ocean Azul».
Tunge tak når 12 meter hekk skal bukserast på «Ocean Azul».

- Ein av hovudtankane bak Sago Combi Pool er å effektivisere arbeid i isfarvatn ved å kunne sette ut og ta opp eksempelvis liner, krabbeteiner eller ROV gjennom det innvendige bassenget, skriv ho.

Merker krisa

Når Tekfisk snakkar med dagleg leiar i LOS Marine Olav Hilmar Koløy, er det korona som set preg på planane.

Han er likevel optimistisk til dei pågåande prosjekta, og seier at det no er «rett før» med ombygginga. 

- Men vi merkar verkeleg at det er krise, medgjev Koløy.

Så langthar dei det utstyret dei treng, men nye oppdrag kan møte vanskar med levering av eksempelvis pumpar og liknande. 

Arbeidarar heime med symptom

Han kjenner seg att i andre verft, der halvparten av arbeidarane er borte. Leigefolk får dei ikkje fatt i, og dei fleste er utlendingar og ville vorte sett i karantene om dei kom. 

- Vi freistar å få det til å gå rundt med dei vi har. Største faren er at eit av prosjekta vert stogge på grunn av eit sjukdomsutbrot.

Nokre av arbeidarane er heime med uvisse symptom.

Koløy fortel at dei, som andre verft, har strenge regime for smittevern. Arbeidslaga er delte, og dei vaskar ned eteområda fleire gonger dagleg.

- Det er viktig at vi tek vare på alle ansatte og underleverandører, sier han.

zoomFor eitt år sidan låg denne hylsa klar til montering. 
For eitt år sidan låg denne hylsa klar til montering. 

Skal løyse fleire problem

Sago Extreme, som er hjartet i løysinga til gründerane i Sago Solutions, skal løyse fleire problem i tannfiskfisket.

Medan Combi Pool er meint å gje mannskapet ein sikker arbeidsplass, og samstundes halde fugl og drivis unna linene, skal Sago Extreme gjere det vanskeleg for kval å forsyne seg av fangsten.

- Løysinga skapar håp om å få bukt med ein av dei mest øydeleggande utfordringane i fisket etter tannfisk, kval som stel fangsten frå linene, fortel Sørvik.

Frå innovasjon til fiskeri

Sago Solutions vart skipa i 2016 for å ferdigstille og kommersialisere fangsttryggingskonseptet Sago Extreme. 

- Innovasjonane skapa eit grunnlag for, og ønske om å starta eige fiskeri, skriv Sørvik.

Det førte til oppstarten av reiarlaget Pesquera Azul Norge.

Hjå LOS Marine deler dei døgeret med natteskift for å begrensa risikoen med at folk jobbar for tett saman. 

Ombygginga av «Ocean Azul» er den største ombygginga som er utført på Rubbestadneset, og denne er gjort på sida av dei andre prosjekta. Drifta går, men er redusert slik situasjonen er no.

 - Me har leigd inn mange folk for dette arbeidet, seier Koløy.

Sjølv tykkjer han designen er unik og spanande.

- Løysinga kjem til å revolusjonera denne måten å fiske på, tykkjer han.

Stivare skrog

Tanktestar gjev bod om eit stivare og meir stabilt fartøy. Det 30 år gamle skroget frå «Kovda» var i god stand, og vert no 12 meter lengre.

- Dette vert utvilsamt eit fartøy ulikt noko anna, meiner Sørvik i Sago Solutions.

Det er BFG i Måløy som står for bygginga av prototypane-einingane av Sago Extreme.

zoom«Pink print» av fartøyet heng strategisk på kaien. 
«Pink print» av fartøyet heng strategisk på kaien. 

Utfordringar etter kvart

Om ikkje vegen har blitt til undervegs, så har dei i prosessen gjort nokre tillempingar på designen.

- Nokre endringar og tilpassingar har måtte til når det nye konseptet skulle frå teiknebordet til ein fullskala konstruksjon. Me har møtt på diverse utfordringar, men eg vil seie resultatet av desse har gjort løysinga enda betre, skriv Sørvik.

Fleire planar .

Sørvik røper at Sago Solutions allereie har planar på teiknebordet, for å gjere kvardagen for fiskarane enklare. No lyt dei berre verte ferdig med ombygginga.

- Me har eit nytt konsept på teiknebordet, men det må fint vente til me har meir tid tilgjengeleg .

Olav Hilmar Koløy seier at LOS Marine har mykje førespurnader om oppdrag. Om det er rolege tider for planlegging, eller om kundane ynskjer å skunde på før situasjonen vert verre, veit han ikkje.

- Eg håpar ombygginga gjev oss spanande oppdrag i ettertid, seier han.

zoomFor eitt år sidan vart tidlegare «Kovda» strippa for hekk. No er den montert. 
For eitt år sidan vart tidlegare «Kovda» strippa for hekk. No er den montert. 
( VILKÅR )
 
Del saken