Moglegheitene er så mykje større til dømes på hos dei som lever av primærprodusentane slik som dyreplankton som vi så vidt har starta litt hausting av (kril og raudåte). Her sorterar forskarar og studentar fisk for seg og kril for seg.Illustrasjonsfoto: Foto: Oda Linnea Brekke Iden/Havforskingsinstituttet
Moglegheitene er så mykje større til dømes på hos dei som lever av primærprodusentane slik som dyreplankton som vi så vidt har starta litt hausting av (kril og raudåte). Her sorterar forskarar og studentar fisk for seg og kril for seg.Illustrasjonsfoto: Foto: Oda Linnea Brekke Iden/Havforskingsinstituttet
Moglegheitene er så mykje større til dømes på hos dei som lever av primærprodusentane slik som dyreplankton som vi så vidt har starta litt hausting av (kril og raudåte). Her sorterar forskarar og studentar fisk for seg og kril for seg.Illustrasjonsfoto: Foto: Oda Linnea Brekke Iden/Havforskingsinstituttet

Lågtrofisk framtid - i havet

Det er gode og nødvendige grunnar til at vi bør hente meir mat eller fôr frå havet på lågare nivå i næringskjeda enn i dag.

Mange leiter i dag etter løysingar på korleis vi skal unngå å skade planeten for mykje, samstundes som folketalet aukar bratt. 

Som nemnt i ein tidlegare kommentar er dei vitskapelege råda i EU at meir mat må hentast frå havet. Både fordi moglegheitene og potensialet er så stort og at vi ikkje kan henta så mykje meir ut av landjorda utan at det har store negative konsekvensar. Den reelle matproduksjonen frå havet er dessverre framleis berre 100 millionar tonn mot meir enn 75 gonger så mykje frå landjorda. Og framleis er rundt halvparten av fotosyntesen i havet og havet har 70 prosent av arealet. Så potensialet er der.

Mikroalgar og makroalgar

Det er grovt sett to viktige grupper av organismar på lågaste trofiske nivået, primærprodusentar i havet. Mikroalgar er bitte små og slike som vi ser i fjordane under oppblomstringane vår og sommar når sikta forsvinn. Og så har vi makroalgene, tang og tare.

Tang og tare vert i aukande grad brukt til mat, næringsmiddelprodukt og fôr rundt i verda. I Norge har vi stor produksjon av alginat frå taretrålinga på over 150 000 tonn årleg. Her er også mykje meir å hente i volum og i å lage fleire produkt både til humant konsum og også som mogeleg fôrråstoff. 

Mykje FoU er i gang og meir må det verta om vi skal få dette til. Og meir er forventa å verte dyrka i anlegg i tillegg til det som vert hausta på av viltveksande algar. Meir forsking trengst og berekraft og miljø må vere ein del av vurderinga.

God algevekst lang kysten

Mikroalgane vert i dag lite nytta sjølv om algeveksten langs kysten og i fjordane våre er også veldig god. I fjordane er veksten av nokon av algene så stor at dette vart eit problem for blåskjeldyrkinga blant anna på Vestlandet der Dinophysisalgene gav veldig god vekst, men også DSP, det diaregjevande algetoksinet. Så kan man jo undre seg om vi kan påverke kva type algar av primærprodusent vi har på ulike plasser i langs kysten vatnet på same måte som vi gjer dette på land. Vi plantar teigar med ulike grastypar, korn og også grønsaker for å hauste ulike primærprodusentar med ulike eigenskapar. Kva næringssalt fremmar ein art framfor andre og korleis påverkar dette totalproduksjon og samansetjing av algemassar? Forsking på om vi kan få dette til i havet og i lukka anlegg har starta, men det må vere mogeleg å få fram mykje meir på dette feltet

zoomMikroalgane vert i dag lite nytta sjølv om algeveksten langs kysten og i fjordane våre er veldig god. Her ser vi produksjon av rohodon (rødalge) isoctysis.
Mikroalgane vert i dag lite nytta sjølv om algeveksten langs kysten og i fjordane våre er veldig god. Her ser vi produksjon av rohodon (rødalge) isoctysis.

Mange mogelegheiter

Universitet i Bergen sitt bidrag til slike studiar har blant anna vore Algepiloten på Mongstad der vi har infrastruktur for studiar av kva vi kan få ut av havets primærprodusentar under ulike føresetnader. Her er vi i samarbeid med mange samarbeidspartnarar berre så vidt er i gang med å finne ut kva som er mogeleg med ulike artar å få til. Nokon av dei mogelege algene for dyrking, er også såkalla mixstotrofe dvs. at dei kan både utføre fotosyntese og bygge opp organisk materiale sjølv eller også leve av å ete anna materiale når det ikkje er grunnlag for fotosyntese. Skikkelege hybridalger. Mogelegheitene er mange.

No skulle vi jo tru at med slike perspektiv var denne infrastrukturen den mest spennande og opptekne, men det er rom for meir aktivitet.

Lågtrofiske mat og fôr frå havet inkluderer også dei som lever av primærprodusentane. På land er dette relativt enkelt å sjå for seg i og med at både biff og pinnekjøt faktisk er lågtrofisk sidan det berre går eitt ledd opp frå gras til kjøtt. Mens lodda som vi år om anna sparar for at torsken skal få nok mat alt er eit nivå over i næringskjeda. Så i havet haustar vi høgare enn på land. Det er det ingenting gale med men volumet som kan haustast går drastisk ned for kvart nivå slik at moglegheitene er så mykje større til dømes på hos dei som lever av primærprodusentane slik som dyreplankton som vi så vidt har starta litt hausting av (kril og raudåte).

Genial økologisk konstruksjon

Blåskjel og sekkedyr lever også av havets mikroalgar og har den utmerka strategi at dei kan stå i ro og venta på at algene kjem drivande inn med straumen. Dette er ein genial økologisk konstruksjon og dei slepp som sauen streve seg rundt for å finne primærproduksjon å ete. Og her er også moglegheitene store for å utnytte slike lågtrofiske organismar til fôr og human mat. Men det er også veldig store FoU oppgåver for å få dette til.

Man skulle tru at dette var heilt sentrale element i ei berekraftig framtid med nok mat til alle der mykje meir vert henta frå havet.

Bodskapet her er at det er gode og nødvendige grunnar til at vi bør hente meir lågtrofisk mat eller fôr frå havet. Dette er ikkje enkelt i og med at dei viktige primærprodusentane i havet er små og flyt omkring og er kostbare å fange. 

På land er det lettare å hente gras og korn i og med at dei står i ro men dyra over må bruke energi for hente den. Godt økologisk tilpassa dyr i havet kan stå i ro og la grønsakene maten kome til dei slik som blåskjel og sekkedyr. Det krevst dog framleis formidable innsats frå alle element i næringsutvikling kanskje først av alt innan forsking. SSB anslår oljeinvesteringar på 183 milliardar i Norge i 2020. Kor mykje vert investeringane innan lågtrofisk produksjon av mat, fôr og andre produkt frå havet tru? Og har Norge råd til å vente?

Les også: 

Vi trenger god teknologi for industriell taredyrking

Dyrking av alger er viktig for en framtidig berekraftig matproduksjon

Sjømat Norge arrangerer konferanse om algedyrking.

( VILKÅR )
 
Del saken