Slik ser fiskepumpa frå Flowtru ut.Illustrasjon: Flowtru
Slik ser fiskepumpa frå Flowtru ut.Illustrasjon: Flowtru
Slik ser fiskepumpa frå Flowtru ut.Illustrasjon: Flowtru

Flowtru har signert fyrste kontrakt

Flowtru skal levere tre fiskepumper til ein verdi av fire millionar kronar til Stranda Prolog AS.

Stranda Prolog er ein stor aktør innan havbruksnæringa og ser moglegheiter i å integrere Flowtru si pumpeteknologi i nye løysingar.

- Teknologien som Flowtru har utvikla gir eit stort potensial for å forbetre dyrevelferd i handteringsoperasjonar. Det gjer at vi tek betre vare på verdiane og vil gi økonomisk gevinst til oppdrettarane, seier administrerande direktør i Stranda Prolog, Klaus Hoseth, i ei pressemelding.

Flowtru, som har utvikla ei fiskepumpe som skal hindre skade på laksen, skriv i pressemeldinga at avtalen med Stranda Prolog vil gje oppstartsbedrifta moglegheit til å halde fram med å bygge verksemda og utvikle teknologien vidare, både for fiskepumper og for andre produkt som teknologien har potensial for. 

Høyr Tekfisk sin podkast om flowtru si verksemd her:

( VILKÅR )
 
Del saken