Hummarlarvene slit med helsa dersom dei får lusemiddel i seg.Illustrasjonsfoto: Kjersti Kvile
Hummarlarvene slit med helsa dersom dei får lusemiddel i seg.Illustrasjonsfoto: Kjersti Kvile
Hummarlarvene slit med helsa dersom dei får lusemiddel i seg.Illustrasjonsfoto: Kjersti Kvile

Hummarlarvar får «leddgikt» av lusemiddel

Store dosar teflubenzuron drep, mens små dosar gir stive ledd. Spørsmålet er kor små, skriv Havorskningsinstituttet på si nettside.

Oppdrettslaks får lusemiddelet teflubenzuron tilsett i fôret for å bli kvitt lakselus. 

- Teflubenzuron verkar ved å hindre skaldyr i å danne skal. Det gjeld lakselus, men også hummar, seier doktorgradsstipendiat Rosa Escobar Lux.

Ho fortel at i tidlegare forsøk blei hummaryngel som var fôra med teflubenzuron, stiv i ledd og antenner. 

- Dei sleit med å finne skjul og var dermed sårbare for rovdyr, seier Escobar Lux i meldinga.

I eit nytt forsøk no forsøker forskarane å finne nøyaktig kva mengder av lusemiddelet som skal til før leddgikta og problema inntreff. Tre grupper hummar får ein diett med ulike mengder lusemiddel, mens kontrollgruppa får vanlege pellet.

Av saka går det fram at hummarlarvane blir filma mens dei går ei «hinderløype» kvar veke for å sjå utviklinga:

- Humrane som får den sterkaste dosen, er synleg påverka og slit med å fote seg, seier Escobar Lux til Havforskningsinstituttets heimeside.

Resultat frå forsøket vil gå inn i HI si totale risikovurdering av lusemidla sin effekt på andre artar enn laks og lus.

Les også desse Tefisk-sakene:

( VILKÅR )
 
Del saken