Blålange og kval set stoppar for seismikkskyting

Blålange gyter om forsommaren i eit område utanfor Mørekysten. Derfor rår havforskarane no frå seismikk i dette område i perioden 16. mai-15. juni. Det kjem fram i forskarane sine oppdatert råd om menneskeskapt støy i havet for 2020, melder Havforskningsinstituttet.

Havforskingsinstituttet gir kvart år råd til myndigheitene om å unngå seismikk og anna bråk i område der det kan forstyrra gytande fisk eller beitande kval. Målet er å beskytta viktige bestandar i havet. Seismikkskyting under oljeleiting kan forstyrra kommunikasjonen til fisk og kval. 

Ei anna endring frå i fjor er i beiteområdet for kval rundt Bjørnøya i Barentshavet. Dette er eit viktig beiteområde for bardekvalar, spesielt knølkval. Ny kunnskap frå kvalteljetoktet i 2019 har vist at området også er viktig for bestanden av finnkval, som har flytta seg lenger sør, skriv HI.

( VILKÅR )
 
Del saken