fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.
Å læra ved å gjera om bord på «G.O. Sars» er noko heilt anna enn å sitja i eit vanleg klasserom, synest studentane. Frå venstre: Kjetil Thorvaldsen (Danmark/Noreg), Muriel Dunn (Canada), Elor Sepp (Estland), Chelsey McGowan-Yallop (Storbritannia).Foto: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet
Å læra ved å gjera om bord på «G.O. Sars» er noko heilt anna enn å sitja i eit vanleg klasserom, synest studentane. Frå venstre: Kjetil Thorvaldsen (Danmark/Noreg), Muriel Dunn (Canada), Elor Sepp (Estland), Chelsey McGowan-Yallop (Storbritannia).Foto: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet
Å læra ved å gjera om bord på «G.O. Sars» er noko heilt anna enn å sitja i eit vanleg klasserom, synest studentane. Frå venstre: Kjetil Thorvaldsen (Danmark/Noreg), Muriel Dunn (Canada), Elor Sepp (Estland), Chelsey McGowan-Yallop (Storbritannia).Foto: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet
fra forskningen
Seksjonen «Fra forskningen» består av artikler skrevet av ansatte ved en av de norske forskningsinstitusjonene.

Lærer å avsløra fjordens løyndomar

Kvar drar unge havforskarar frå den vide verda for læra det siste og beste innan ekkoloddteknologi? På tokt til trange vestlandsfjordar med forskingsfartøyet «G.O. Sars».

- Det eg likar best med kurset, er at det er veldig hands on. Du kan faktisk sjå datainnsamlinga live, i staden for å berre gå på ei førelesing og høyra om korleis det «skal» fungera, seier Kjetil Thorvaldsen.

Bergensaren var ein av 20 studentar frå 12 ulike nasjonar som deltok på kurset i breibandakustikk i regi av det internasjonale havforskingsrådet ICES. Sjølv om ein tar med i rekninga at han tar doktorgraden ved danske DTU Aqua, var Thorvaldsen ein av dei med kortast reiseveg til kurset.

- Viss noko ikkje fungerer, kan du sjå kva som er gale - og så prøva å retta det opp, seier Muriel Dunn, PhD-student ved Memorial University i Newfoundland på austkysten av Canada.

- Du kan endra innstillingane på ekkoloddet og sjå med ein gong korleis det påverkar resultatet, supplerer Elor Sepp frå instituttet for havforsking i Estland.

zoomDet vitskaplege ekkoloddet Simrad EK80 måler djupna på Osterfjorden og eventuelle fiskestimar eller andre organismar som sym under skipet. Frå brua har mannskapet full kontroll.
Det vitskaplege ekkoloddet Simrad EK80 måler djupna på Osterfjorden og eventuelle fiskestimar eller andre organismar som sym under skipet. Frå brua har mannskapet full kontroll.

Topp moderne ekkolodd

Det er ikkje tilfeldig at dei er om bord på «G.O. Sars» for å læra om fiskeriakustikk. Ekkoloddet på skipet, Simrad EK80, er nemleg noko heilt anna og meir avansert enn det ein finn på meir tradisjonelle fartøy.

- Med dei gamle ekkolodda ropte vi «hallo» ned i fjorden med éin frekvens, og registrerte når ekkoet tilbake. No har vi fem eller seks ekkolodd, som alle ropar «hallo» med eit band av ulike frekvensar. Du kan seie at vi brukar ikkje berre éi stemme, men eit heilt kor, forklarer forskar Egil Ona.

Frekvensbandet gir opphav til namnet breibandekkolodd. Samanlikna med tradisjonelle ekkolodd blir datamengda hundredobla, og den detaljerte informasjonen gjer det blant anna enklare å skilja ulike artar av fisk, larvar og plankton - eller å telja éi og éi laksesild, kvar fire centimeter lang, på hundre meters djup. Men det krev avansert matte og metodekunnskap.

- Det tar tid å lære seg dette, og vi har enno ikkje lært å utnytte kapasiteten fullt ut sjølve. No undersøker vi blant anna om breibandekkoloddet til og med avsløre om silda er gyteklar. Vi veit ikkje heilt enno, men får truleg svar i februar, seier Ona.

zoomForskar og kursleiar Egil Ona sjekkar at straumforsyninga til ekkoloddet fungerer som det skal.
Forskar og kursleiar Egil Ona sjekkar at straumforsyninga til ekkoloddet fungerer som det skal.

Samarbeid på høgt nivå

Forskar og kursleiar Ona har sjølv vore med på utviklinga av det nye ekkoloddet, som vart utført i samarbeid mellom Kongsberg Maritime (som eig den tradisjonsrike merkevara Simrad) og HI - eit samarbeid som går tilbake til oppbygginga av industri og havforsking etter andre verdskrigen.

Arbeidet med EK80 starta i 2009, og åtte år seinare kom produktet på marknaden. For Ona er det sjuande generasjon ekkolodd frå Simrad han har vore med på å bruka i si tid ved HI.

Saman med fleire kollegaer er han glad for å kunna læra bort metodikken til ein ny generasjon havforskarar. Kurset på «G.O. Sars» vart arrangert for fjerde gong, og Ona meiner Osterfjorden er ein ideell lokalitet.

- Det er mange rare organismar i fjorden her, blant anna bra mengder av mesopelagiske artar som laksesild og nordleg lysprikkfisk, men også krill, kolmule og manetar. Så det er nok å tråle på her inne. Vi får også tid til å gå litt fram og tilbake og gjera målingar, og studentane slepper å bli sjøsjuke medan dei er på forelesing om matematikk og signalbehandling, spøkjer han.

zoomKurset på «G.O. Sars» består av om lag halvt om halvt med teori og praksis. Her frå ei meir teoretisk metodeførelesing.
Kurset på «G.O. Sars» består av om lag halvt omhalvt med teori og praksis. Her frå ei meir teoretisk metodeførelesing.

Framtida for havforskinga

Studentane om bord er samde om at teknologien som blir brukt på «G. O. Sars» er nødvendig å læra for alle som satsar på ei framtid innan havforsking med hjelp av ekkolodd. Dei reiser heim kvar til sine land med nytt nettverk og ny kunnskap som kan bidra til betre fiskeriforvalting i framtida.

- Eg jobbar sjølv på ein båt med eit eldre ekkoloddsystem, men ting utviklar seg heile tida, og før eller sidan går vi nok over på breibandteknologi. Difor er det nyttig å læra om det først som sist, seier estiske Elor Sepp.

- Kurset er også veldig god måte å koma inn i eit miljø som jobbar med breibandakustikk på, slik at me enklare kan samarbeida seinare, seier Muriel Dunn, som allereie har planlagt samarbeid med den britiske medstudenten Chelsey McGowan-Yallop.

zoomOsterfjorden er ein ideell lokalitet for akustikkurs, meiner kursansvarleg Egil Ona.
Osterfjorden er ein ideell lokalitet for akustikkurs, meiner kursansvarleg Egil Ona.

Artikkelen kjem frå Havforskningsinstituttets nettside.

( VILKÅR )
 
Del saken