Bløggebåten «Elax Mist» blir overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar. Foto: Mons Ove Hauge
Bløggebåten «Elax Mist» blir overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar. Foto: Mons Ove Hauge
Bløggebåten «Elax Mist» blir overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar. Foto: Mons Ove Hauge

Denne nye nød-bløggebåten vert levert på nyåret

Nød-bløggebåten «Elax Mist» er litt forseinka, men vil bli overlevert i midten av januar. Om bord er patentert utstyr som skal sortere ut svak eller død fisk før bløgging.

- Det som er spesielt med «Elax Mist» er at den er utvikla for å vere nødslaktefartøy, for å redde den fisken som elles truleg ville døydd av ein eller annan mekanisk behandling, fortel dagleg leiar Mons Ove Hauge i reiarlaget Elax til IntraFish.

Om bord på båten er det ei patentert løysing på å sortere ut fisk som allereie er død eller så dårleg at den ikkje bør bli med på slakteriet. 

- Det gjer at det ikkje skal vere fare for at kvaliteten på lasta vert dårlegare. Slakk eller død fisk skal ikkje komme gjennom sorteringa, men går i eigen tank, seier Hauge.

Båt nummer to på beddingen

Båten skulle eigentleg vore levert i løpet av desember, men vil no leverast i midten av januar. Første sjøprøve for fartøyet skjer torsdag denne veka.

Elax har ytterlegare eitt bløggefartøy under bygging hos Fitjar Mekaniske verksted. Det skal etter planen leverast hausten 2020.

zoomBløggebåten «Elax Mist» er litt forseinka, men vi bli overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar.
Bløggebåten «Elax Mist» er litt forseinka, men vi bli overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar.

Elax vart starta opp i 2018 og er eigd av Fitjar Mekaniske Verkstad (33,33 prosent) som altså er verftet der båtane vert bygd. MSM Holding, som også eig selskapet Servicebåt, har like stor eigardel i Elax, medan oppdrettsselskapa Langøylaks og Troland Lakseoppdrett eig 16,67 prosent kvar.

- Målet vårt er å ta vare på den fisken som kanskje elles ville døydd og blitt plukka opp som dødfisk dagen etterpå. Det er også årsaka til namnevalet. Mist var ein av valkyriane i norrøn mytologi som reiste rundt i verda og bestemte kven som skulle leve eller døy, fortel Hauge.

zoomBløggebåten «Elax Mist» er litt forseinka, men vi bli overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar.
Bløggebåten «Elax Mist» er litt forseinka, men vi bli overlevert frå Fitjar Mekaniske Verksted i midten av januar.

7 milliardar kroner i verdi

Han viser til tal frå Fiskeridirektoratet som viser at det årleg døyr rundt 140.000 tonn laks og aure som eigentleg er klar til å slaktast. Talet er basert på innrapporterte dødfisktal frå oppdrettarar av fisk som er sett ut året før eller tidlegare.

- Det er snakk om 34-35 millionar individ årleg av fisk som vil ha ei snittvekt på rundt 4 kg. Den vil me vere med å berge ein del av, både fiskevelferdsmessige årsaker og økonomiske. Konseptet med utstrekt bruk av nødbløggebåtar, kan redde mykje av dette, seier han.

Med ein kilopris på 50 kroner er salsverdien på rundt 7 milliardar kroner årleg.

Båten kan lasta 150 tonn ferdig bløgga fisk. Og den treng ikkje nyttast til nødslakting.

- Når det ikkje er fisk som skal bergast skal båten kunne fungere som vanleg bløggebåt, understrekar Hauge.

Store investeringar

Det er Optimar som leverer bløggeutstyret om bord. «Elax Mist» er utstyrt med seks bløggelinjer, medan den neste båten vil ha ti linjer.

- Dei vart valt på grunn av elektrobedøvingsutstyret som er der patente vårt kjem inn. Det går på bruk av elektrisk stimuli som sorterer mellom død og levande fisk. Det er kjent teknologi som vert sett inn i ein ny samanheng, fortel Hauge.

Den nye teknologien er testa ut og dokumentert gjennom eit forskingsprosjekt i regi av Nofima og Havforskingsinstituttet. Prosjektet har fått støtte frå Regionale Forskingsfond Vest. I prosjektet er utstyret testa hos HI og i feltforsøk hos oppdrettar.

Kor store investeringar Elax gjer i dei to båtane, ønskjer ikkje Hauge å opplyse. Men ein ferdig båt har truleg ein verdi på 120 millionar kroner.

Satsinga på bløggebåtar har også medført endringar for selskapet Servicebåt, som har dels overlappande eigarar. Talet på servicebåtar er redusert frå tre til eitt. Hauge har også slutta som dagleg leiar i dette selskapet for å konsentrere seg om drifta av Elax, men held fram som styreformann. Ståle Kenneth Torsvik har tatt over som dagleg leiar i Servicebåt.

Likte du denne artikkelen? Les fleire saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )

 
Del saken