I haust vart det arrangert vi eit norsk-kinesisk arbeidsmøte på akvakulturforsking i Shanghai.Foto: Amund Maage, UiB
I haust vart det arrangert vi eit norsk-kinesisk arbeidsmøte på akvakulturforsking i Shanghai.Foto: Amund Maage, UiB
I haust vart det arrangert vi eit norsk-kinesisk arbeidsmøte på akvakulturforsking i Shanghai.Foto: Amund Maage, UiB

Universiteta går saman om marint samarbeid

No har det norske samarbeidet der 11 norske universitet og høgskolar er med, spredd seg til Kina.

Ja visst er det er konkurranse mellom universiteta. På dei fleste fagfelt og område, det vere seg om studentar, forskingsmidlar, oppmerksomheit og innovasjonar. 

Med dagens finansieringsordning der studentgjennomstrøyming og forskingsmidlar er store og viktige føresetnader for økonomien, kan det endå til verte hard konkurranse.

Då er det ekstra hyggeleg når vi får dratt i gang godt samarbeid mellom dei norske universiteta på marin side. Det fekk vi til gjennom å koordinere vårt medlemskap i den europeiske tenketanken European Marine Board for vel to år sidan som Norsk Marint Universitetskonsortium (NMU).

Amund Måge

  • Er marin direktør ved Universitetet i Bergen
  • Har tidlegare vore forskingssjef ved Nifes, som i dag er ein del av Havforskingsinstituttet
  • Marin forsking er eitt av tre prioriterte område ved universitetet, og Måge vart tilsett i 2017 for å spele ein nøkkelrolle i dette arbeidet.

EU viser interesse for havet

Det er politisk konsensus om at det no er viktig å forske på og skape nye verdiar frå havet, også fordi vi har overutnytta landjorda. Vi veit også at Norge må henta både forskingsmidlar og ikkje så få studentar frå EU. Og vi har ambisjonar om å kunne påverka både studentar og korleis forskingsmidlar vert lyst ut i EU. 

Det er faktisk generelt bra for Norge at EU også viser interesse for havet når forskingsprogram vert utforma. Vi ventar at både EUs strategi for berekraftig vekst, Blue Growth vil halde fram og at det kjem ein Mission Ocean i EU sitt neste forskingsprogram Horizon Europe.

Marint universitetskonsortium

Men slikt kjem ikkje heilt av seg sjølv. Derfor har akademia sine eigne organisasjonar som arbeider for å påverke og argumentere for forskingsmidlar. 

European Marine Board har nett no gjeve ut ein rapport om korleis vi kan navigere for å halde havet sunt og produktivt i framtida. Rapporten, som er gratis og kan lastas ned her, gjev mange viktige perspektiv i høve til bant anna forureining.

Det var nettopp for å få tyngde i dette arbeidet at vi fann å villa lage eit marint universitetskonsortium i Norge. Vi kom i gang for drøye to år sidan som NMU og til no har 11 norske universitet og høgskular slutta seg til konsortiet.

Kinesisk samarbeid

Når vi først var i gang, fann vi ut at eit slikt konsortium kunne vere nyttig i andre samanhengar. I fjor arrangerte vi eit norsk-kinesisk arbeidsmøte på akvakulturforsking i Shanghai, som eitt av punkta under den stor ministerdelegasjonen i Kina i 2018.

Kinesarane vart så imponerte over NMU at dei no har henvendt seg til oss om å laga ein liknande samarbeidsarena i Kina og som i framtida kunne samarbeide mot vårt norske nettverk. Ut frå NMU spring altså Kinas Marine Universitetskonsortium (KMU) med det store Ocean University i Qingdao i spissen og for eit par veker sidan vart ein avtale om samarbeid signert mellom desse to.

Vinn-vinn-vinn

Vi trur at det norske nettverket kan brukas i andre samanhengar enn i arbeidet opp mot EU og Kina også. Blant anna som universiteta si stemme mot forvaltningsplanarbeidet. Der har dei i dag ikkje har nokon stemme, sjølv om mykje av den marine forskinga skjer der. 

Så kanskje danninga av NMU kan vere ein vinn-vinn-vinn situasjon. Det trengst for å få prioritert forsking for berekraftig havforvaltning.

Her kan du lese tidlegare kommentarar frå Måge:

( VILKÅR )
 
Del saken