Måløy ligg i Nordfjord og er administrasjonssenter i Vågsøy kommune. Foto: Kjersti Kvile
Måløy ligg i Nordfjord og er administrasjonssenter i Vågsøy kommune. Foto: Kjersti Kvile
Måløy ligg i Nordfjord og er administrasjonssenter i Vågsøy kommune. Foto: Kjersti Kvile

Om du går rundt i denne byen og drøymer om eit nybygg, kan naboane fikse heile båten

I Måløy samarbeider dei der dei kan og konkurrerer om dei må.

Det starta med ein laus idé i redaksjonen. Skulle me ikkje tatt ein tur til Måløy? Verkar som det er mykje som skjer der. Ein rask tur innom internett gav 19 selskap på blokka. Jau då, her skal det vere mange nok å besøke.

Men så: Eit tal lyste fram på ei av desse internettsidene: 3313.

Er det berre 3313 menneske i den byen? Og likevel har dei fire skipsdesignselskap? Og tre verft? Og ein heil haug med anna? Forskingssenter skal dei òg byrje med.

Ein telefon til Måløy Vekst måtte til for å få fakta på plass. 

Tiltak, ikkje vedtak

Vågsøy kommune har ingen næringssjef. Det nærmaste ein kjem er Randi Humborstad. Ho er dagleg leiar i Måløy Vekst, eit vekstselskap for næringslivet med rundt 80 aksjonærar.

- Eg vil seie at Måløy skil seg ut. Det er få innbyggjarar, men næringslivet er den store styrken, seier ho til Tekfisk. 

Ho trekk fram at i NHO sitt kommune-NM 2019 kom Måløy på fyrste plass i Sogn og Fjordane i kategorien næringsliv. 

- Kystkommunar er litt spesielle i så måte. Dei har måtta klare seg sjølve. Dei er ikkje bygd på vedtak, men på tiltak, seier Humborstad. 

Bankande hjarte

Ei veke seinare sit eg på hurtigbåten frå Bergen, væpna med kamera og blokk, og med nokre avtaler i bagasjen.

Etter fire og ein halv time og ei obligatorisk svele, stig Måløy fram, så merkeleg knadd saman der i fjella.

Her bankar det altså teknologihjarte, industrihjarte og forskingshjarte. Men til sjuande og sist er det fisk alt er tufta på. 

zoomSnurperer og trålereren «Trønderbas» leverer sild til Pelagias sildeoljefabrikk i Måløy.
Snurperer og trålereren «Trønderbas» leverer sild til Pelagias sildeoljefabrikk i Måløy.

Viktig fiskeri

Måløy har ei av dei største fiskerihamnene me har her i landet.

På lista over dei 103 mennene og den eine kvinna som står oppført som yrkesfiskarar, finn ein storreiarar som brørne Agnar og Tore Lyng. 

Og då har eg sikkert gløymt nokon ordentleg viktige, så akkurat den reisa burde eg ikkje starta på. Men ein telefon til det lokale fiskarlaget kan ein unne seg, tenkjer eg. Kva betyr fiskeri for Måløy i dag? 

Komplett båttilbod

- Alt, svarer Jarl Magne Silden, formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag. 

Han skildrar Måløy som ein stad der du kan gå med tankar om ein båt, og så kan du både få ho designa, finansiert, bygd og utrusta. Endatil finst det ein testtank der du kan prøve ut konseptet før du set i gang. 

- Du får eit komplett tilbod her. Det er det ikkje så mange andre plassar i Norge som tilbyr, om nokon, seier Silden.

- Korleis er det blitt sånn? 

- Det har til alle tider vore eit fiskerimiljø. Alt har sprunge ut frå det. Det har naturleg nok vorte verftsindustri, og så har det berre balla på seg. 

Lita verd

Det er altså Sildens enkle forklaring. 

Han trekk fram Måløy Maritime Group som gjer at selskap marknadsfører seg samla og ikkje kvar for seg. For når ein skal sjå utover i Måløy ser ein mot vest, mot havet og mot verda. Snur ein seg andre vegen, ser ein jo berre fjell. 

- Det er jo sånn at verda er lita. Både med verftsindustrien, eksportselskap og alt anna er me rundt omkring i heile verda, seier Silden. 

- Men det er mange samfunn som er tufta på fiskeri, og som opplev nedgang i både industri og fiskeri. Er det noko i drikkevatnet hos dykk? 

- Hehe, nei det er nok sikkert ikkje det. Men me er jo i enden av ein riksveg og må greie os sjølve. Skal vi få til noko, må vi skape det sjølv. Det ligg noko der. 

zoomJarl Magne Silden, formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag og reiar i Veststeinen AS. 
Jarl Magne Silden, formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag og reiar i Veststeinen AS. 

Fråflytting og vekst

I Vågsøy kommune bur det 5936 innbyggjarar per andre kvartal i år. I Måløy, som fekk bystatus i 1997, bur det altså om lag halvparten av det. Det er ei fråflyttingskommune, der SSB bereknar ei forsiktig nedgang i folketalet innan 2040. Men ifølgje Fjordenes Tidende vart det registrert 46 nye bedrifter i kommunen i fjor.

- Eitt av de store problema me kan ha her i Nordfjord er rekruttering. Det er mange gode, sterke bedrifter i vekst, men me buttar tidvis hovudet i taket når det gjeld å få tak i folk med spisskompetanse, seier Trond Inge Kvernevik. 

Han er dagleg leiar i Ofs Måløy, eit selskap som har storstilte planar om landbasert oppdrett i Måløy. 

Samarbeid og konkurranse

74 prosent av innbyggjarane jobbar i det private næringslivet, og byen og kommunen har ein mannsdominert næringsstruktur. 

- Utfordringa er å trekke til seg kvinner, å skaffe jobb både til han og ho, vedgår Randi Humborstad i Måløy Vekst. 

Då er det ei hjelp i at dei alle er flinke til å trekkje veksel på kvarandre. 

- Det er ein modell du vil finne overalt her i Nordfjord og på Sunnmøre. Ein samarbeider når ein kan og konkurrerer der ein må. Det er eit omkvede, seier Kvernevik. 

Liten serie

Dei neste vekene kjem det ei lita rekke med artiklar frå Måløy. Den fyrste saka kan du lese allereie no, etter besøket på den splitter nye fabrikken til Pelagia, som gjer at heile makrellen kan nyttast til menneskemat

Kjenner du andre stader i Norge som Tekfisk burde besøkt? Tips oss då vel! Send oss ein epost eller skriv til oss på facebook

zoomEin modell av brønnbåten «Ro Server» pyntar hotellobbyen til Thon Hotel i Måløy.
Ein modell av brønnbåten «Ro Server» pyntar hotellobbyen til Thon Hotel i Måløy.
( VILKÅR )
 
Del saken