Renseprosess i RAS-anlegg blir studert av rektor Dag Rune Olsen (fra v.), professor Jon Vidar Helvik, statsminister Erna Solberg, styreleiar Øyvind Ramberg i Marineholmen RASLAB AS og marin direktør Amund Måge.Foto: Vebjørn Granum Kjersheim, UiB
Renseprosess i RAS-anlegg blir studert av rektor Dag Rune Olsen (fra v.), professor Jon Vidar Helvik, statsminister Erna Solberg, styreleiar Øyvind Ramberg i Marineholmen RASLAB AS og marin direktør Amund Måge.Foto: Vebjørn Granum Kjersheim, UiB
Renseprosess i RAS-anlegg blir studert av rektor Dag Rune Olsen (fra v.), professor Jon Vidar Helvik, statsminister Erna Solberg, styreleiar Øyvind Ramberg i Marineholmen RASLAB AS og marin direktør Amund Måge.Foto: Vebjørn Granum Kjersheim, UiB

RAS vil endre akvakulturnæringa i Noreg betydeleg dei neste åra

Dei siste ti åra har bygging og satsing på resirkuleringsanlegg i havbruksnæringa teke av.

RAS, som er forkortinga for Recirculating Aquaculture Systems, er i ferd med å bli eitt av dei mest brukte omgrepa i akvakulturnæringa. 

Tatt av dei siste ti åra

Dette er system som vil endre akvakulturnæringa i Noreg betydeleg dei neste åra. Systema har vore forska på i veldig lang tid og norske pionerselskap prøvde seg alt på 90-talet med nokre tidlege anlegg. 

Det er både store muligheiter og utfordringar med RAS. Ein av muligheitene som har vore med å starte RAS-bølga, har vore å spare ferskvatn. Dette er ein begrensa ressurs, til og med i Noreg. For det andre har det har det vore viktig å kunne halde veksande laks lenger i ferskvatn/brakkvatn for å halde dei borte frå lakselus.

Amund Måge

  • Er marin direktør ved Universitetet i Bergen
  • Har tidlegare vore forskningssjef ved Nifes, som i dag er ein del av Havforskningsinstituttet
  • Marin forsking er eitt av tre prioriterte område ved universitetet, og Måge vart tilsett i 2017 for å spele ein nøkkelrolle i dette arbeidet.

Gjenbruk av vatn

Utfordringa med RAS er at fisken skal bruke det vatnet han blir kvitt avfallet sitt i om igjen. Både partiklar, karbondioksid og nitrogen må difor reinsast ut, mens det må vere mogeleg å ha nok oksygen i vatnet. 

Dette medfører behov for mykje strengare kontroll med vasskvalitet, spesielt om ein tek inn sjøvatn, men det må sjølvsagt ikkje gå på bekostning av fisken sin velferd og helse.

Forskingsbehovet er openbert, og det er i ferd med å bli bygd opp forskingskapasitet på RAS i Noreg. Større forskingsprosjekt som CtrlAqua leia av Nofima med Norce og UiB med på laget er eitt døme. Også i Tromsø, Bodø og Trondheim er det aktivitet. Og mykje av aktiviteten skjer også hos dei private utstyrsleverandørane (jamfør podkast her på Tekfisk).

Utdanning i RAS

Som breiddeuniversitet med store utdanningsløp i akvakultur og sjømat er det viktig for Universitetet i Bergen å kunne tilby forskingsbasert utdanning i RAS. 

Det vil også vere eit stort framskritt for næringa at kandidatane som kjem ut kan RAS, og har skrudd og testa på mindre RAS-anlegg utan å risikere hundretusener av dødfisk i større produksjonsanlegg. 

Også for industrien

Ved Universitetet i Bergen har vi utvikla vår store våtlabskapasitet på Marineholmen saman med Marineholmen Forskningspark gjennom Stiftelsen Industrilaboratoriet (ILAB) som har vakse til ei bedrift med over 20 tilsette. 

Først var det tenester for UiB som vart utvikla, men etter kvart meir og meir for industrien, spesielt vaksineprodusentar. Eit litt større RAS-anlegg til forsking vart ei så stor investering at vi har delt det på ILAB, NORCE, UiB og Maineholmen Forskningspark.

I løpet av månader har vi ein forskingspark på RAS oppe og går gjennom Marineholmen RASLAB AS. Støtte frå det nye katapultsystemet var avgjerande for investeringa.

Håpar brukarane er med og betaler

Sist månad fekk Universitetet i Bergen fekk muligheita til å vise statsminister Erna Solberg eit operativt RAS-anlegg som vi bruker til produksjon av vår eigen forsøksfisk i regi av ILAB og den første av 12 reine forskingslinjer. 

Vi kunne fortelje at dette anlegget treff alle universitetet sine samfunnsoppdrag med relevant utdanning, forsking og ikkje minst også innovasjon. Katapultordninga UiB er ein del av, siktar seg spesielt på små og mellomstore bedrifter som kan få bruke dyr infrastruktur. Gjennom dette vil oppdrettsnæringa også kunne få ny forsking og innovative løysingar.

Men slik nødvendig forsking er dyr og vi håpar at brukarane i næringa også er med på å betale det bruk og investering kostar. Det vil på sikt kome heile industrien til gode gjennom dyktige kandidatar, god forsking og gode innovasjonar. 

Her kan du lese Maages forrige kommentar:

( VILKÅR )
 
Del saken