Braanaas satsar på tang og tare

Avisa porten.no melder at Ola Braanaas selskap Firda Seafood Group vil gro tang og tare i Gulen. Selskapet har søkt fylkeskommunen om løyve til akvakultur av andre artar enn laks, aure og regnbogeaure. 

- Me ønskjer å bidra til kunnskapsutvikling av denne næringa og om den har potensial for vekst i vår region. Men når det er sagt vil produksjon av makroalgar i første omgang vere eit sideprosjekt, seier Lina Braanaas Utneer, som er prosjekt- og kvalitetssjef frå Firda Seafood Group.

Dei bestemte seg for å søke om dette på eit par lokalitetar dei tidlegare har brukt til produksjon av laks og fjordaure, som dei no har ledig kapasitet på etter dei har utvida andre meir egna lokalitetar til desse artane.

( VILKÅR )
 
Del saken