I morgon kjem rådet for loddekvota i 2020

2019-utgåva av det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet blei avslutta i førre veke, og dekninga var god i både norsk og russisk sone. Rett etter toktet reiste seks norske forskarar og fagfolk til Murmansk for å starte oppsummeringa av toktet, skriv Havforskningsinstituttet på si heimeside. 

Den første oppgåva for forskerane var å analysere informasjonen dei har samla om loddebestanden. I løpet av to hektiske dagar har dei gått gjennom eit stort datamateriale, lagt det inn i modellane sine og til slutt endt opp med eit utkast til kvoteråd, som altså kjem i morgon.

( VILKÅR )
 
Del saken