Regjeringa vil bruke pengar på algeovervaking

Regjeringa vil styrke overvakingsinnsatsen langs kysten med 10 millionar kroner. Formålet er å styrke overvakinga av hav- og kystøkologien særleg med tanke på algeoppblomstringar i fjordane, melder Nærings- og fiskeridepartementet. 

- For å vere i stand til å utnytte dei store moglegheitene for verdiskaping som ligg i hav- og kystområda våre treng vi meir kunnskap. Vi må ha betre beredskap slik at vi kan hjelpe næringa med informasjon, om til dømes algeoppblomstring, på eit tidleg tidspunkt, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP) i ei pressemelding. 

( VILKÅR )
 
Del saken