Alsaker Fjordbruk skal byggje nytt postsmoltanlegg på Onarheim. Planeringa av området har gårr føre seg sidan 2017.Foto: Alsaker Fjordbruk

Her har dei fått det som kan vere verdas største postsmoltkonsesjon

Like før helga vart Alsaker Fjordbruk tildelt postsmoltkonsesjon på Onarheim i Tysnes kommune.

Det opplyser selskapet i ei pressemelding på sine nettsider. 

Søknaden vart sendt til Hordaland fylkeskommune i fjor haust etter at NVE hadde gjeve vassdragskonsesjon i Onarheimselvo.

- I vår gav Fylkesmannen utsleppsløyve på omsøkt volum basert på eit anlegg med RAS 1-teknologi, der om lag 99 prosent av vatnet går i resirkulering. Mattilsynet godkjente ein produksjon på 17 millionar postsmolt opptil 1 kilo for få veker sidan, skriv selskapet.

Dermed kunne Hordaland fylkeskommune 26. september skrive ut løyvet til selskapet. 

- Godkjenninga er truleg verdas største postsmoltkonsesjon, og i alle høve den største på Onarheim. Når produksjonsmessige rammer no er gjevne, byrjar detaljprosjekteringa av postsmoltanlegget på næringsområdet Alsaker Brygge Sør på Onarheim, skriv Alsaker Fjordbruk.

Arealet vart ferdigregulert i 2017 og det har sidan føregått planeringsarbeid på tomta.

( VILKÅR )

Del saken