RÅD FOR 2020: Havforskingsinstituttet tilrår en totalkvote på 320 tonn kystbrisling for neste år.Foto: Erling Kvale

Tilrår at det ikke fiskes meir enn 320 tonn kystbrisling i 2020

Havforskingsinstituttet melder at dei tilrår at det ikkje blir fiska meir enn 320 tonn kystbrisling til neste år, 240 tonn i Hardangerfjorden og 80 tonn i Nordfjord. I Sognefjorden bør det ikkje fiskast kystbrisling i 2019.

- Rådet vårt gjeld berre desse områda, fordi vi ikkje har toktdekning for brisling i andre område, seier havforskar og bestandsansvarleg Cecilie Kvamme i ei pressemelding.

Lite brisling i Sognefjorden

I rådet skriv Havforskingsinstituttet det er svært lite brisling å sjå i Sognefjorden.

- I Nordfjord er det litt under middels førekomstar av både årsyngel og brisling som er eitt år og eldre (2018-toktet). Dette er første år på lenge med både rekruttar og eldre fisk i Nordfjord. No er det viktig å ikkje ta ut for mykje under fisket i 2019-fisket. I Hardangerfjorden er 2018-indeksen over gjennomsnittet for nullåringar, noko som speglar seg igjen i at 2019-indeksen er over gjennomsnittet for eldre brisling, seier Kvamme.

Heile kvoterådet kan du lese her.

( VILKÅR )
 
Del saken