UTBYGGING OVER FLEIRE ÅR: Hardingsmolt sitt anlegg i Tørvikbygd i Kvam herad har gjennomgått store endringar sidan 2015.Foto: Joar Grindheim
UTBYGGING OVER FLEIRE ÅR: Hardingsmolt sitt anlegg i Tørvikbygd i Kvam herad har gjennomgått store endringar sidan 2015.Foto: Joar Grindheim
UTBYGGING OVER FLEIRE ÅR: Hardingsmolt sitt anlegg i Tørvikbygd i Kvam herad har gjennomgått store endringar sidan 2015.Foto: Joar Grindheim

Eit filter løste problemet hos Noregs eldste RAS-anlegg

I 2007 stod første del av Hardingsmolt sitt RAS-anlegg klart til bruk. Problema har vore mange, men no er den førebels siste i ferd med å løysast.

Ein av dei største utfordringane selskapet har hatt, var med bakterien brachiomonas som tok livet av mykje postsmolt. Bakterien vart først vitskapleg beskriven i 2012 og vart påvist i anlegget i 2014. 

Alle var einige om at bakterien kom med sjøvatnet som vart henta inn. Men sjølv om Hardingsmolt slutta å ta inn sjøvatn, og heller tilsette salt i vatnet til postsmolten, vart ikkje problemet vekke.

- Tvert imot vart problemet heller verre, fortel dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt.

Fann ei løysing og gjorde det

Det gjorde at dei måtte tenkja annleis. Når bakterien ikkje kom inn med sjøvatnet, måtte den vere med ferskvatnet over. Fleire undersøkingar vart gjort, og den einaste moglege kjelda som stod att var vatnet selskapet fekk frå Tørvikavatnet rett ved anlegget. Men det skulle ikkje vere mogeleg, sidan brachiomonas lever i saltvatn.

- Me måtte forsøke å finne ut av det, og fiska stadeigen aure i vatnet og sende den til analyse. Det gav 100 prosent treff for brachiomonas. Det var første gong denne var påvist i ferskvatn. Og sjølv om forskarane ikkje er ferdige med sitt arbeid, var konklusjonane gode nok for oss. Me fann ut korleis me kunne løyse det med eit filter på inntaksvatnet. Etter det har me ikkje hatt nokon problem, fortel Drivenes.

zoomDagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt.
Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt.

Eit anna problem var yersinose. Heller ikkje dette har dei hatt noko av etter at dei fekk montert filter på inntaket av ferskvatn.

- Når me fann løysinga på dette, så bestemte me oss for at no var tida for å byggje ut anlegget og satse, fortel Drivenes.

Har investert 250 millionar kroner

Og det har dei gjort. 250 millionar kroner er investert i ulike byggetrinn sidan 2015. Målet er å passere 100 millionar kroner i omsetnad i 2020. I løpet av kort tid vil det nye reinseanlegget for sjøvatn stå klart. Det skal løyse problemet med for mykje hydrogensulfid (H2S) i anlegget. For mykje sulfat kan føre til danning av hydrogensulfid som kan ta livet av alt fisk i eit landanlegg som dette i løpet av svært kort tid. Fleire norske postsmoltanlegg opplevde dette i fjor.

Det er Enwa Water Technology som leverer teknologien til anlegget, som er ein pilot når det gjeld produksjon av laks.

- Dette er kjent teknologi frå Nordsjøen der Enwa har gjort akkurat det same. Teknologien vil fungere, men eg er spent på kjemien i vatnet til fisken etterpå. Det viktigaste er uansett at fisken har eit stabilt miljø, fortel Drivenes.

Støtte frå Innovasjon Norge

Målet er å få vekk hydrogensulfid (H2S) og redusere det til nivået det har i ferskvatn.

- De me har gjort til no, er å passe på ikkje å få opphoping av slam som kan gje anoxiske forhold i biofilteret. I dag reduserer me organisk materiale gjennom spyletiltak. Alt til no har handla om brannsløkking. Dette nye tiltaket er førebygging, fortel Drivenes.

Det ferdige anlegget vil koste 20-30 millionar kroner. Selskapet har mellom anna fått seks millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge til prosjektet.

- Overføringa av teknologi frå olje til fisk, var ein viktig del for å få støtta. Og det er stor interesse frå andre aktørar for dette pilotanlegget, seier Drivenes.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )
 
Del saken