Edgar Wisløff i Panoptes med bilder frå selskapets lusekamera.Foto: Joar Grindheim
Edgar Wisløff i Panoptes med bilder frå selskapets lusekamera.Foto: Joar Grindheim
Edgar Wisløff i Panoptes med bilder frå selskapets lusekamera.Foto: Joar Grindheim

Etter fem år med utvikling lanserer han nytt luserkamera

Trondheims-selskapet Panoptes er klar med nye kamera som skal kunne automatisere luseteljing og fôring. Snart vil også biomassemåling bli lansert.

- Me starta opp i 2014 og har jobba tett saman med ein av dei største produsentane for å utvikle dei nye kamera. Me har testa og gjort alle feil som kan gjerast, men no er me klare til lansering, fortel Edgar Wisløff i Panoptes til IntraFish.

Brukt i tre år på testlokalitet

Lusekameraet var ferdig for tre år sidan, og selskapet starta kommersialiseringa av dette i fjor. No er det blitt oppgradert med betre optikk. Det var også eit ønske frå samarbeidspartnarane om å få betre fôringskamera, og no er også det klart.

- Det oppdrettarane ønskjer seg, er automatisk rapportering. I løpet av hausten skal me ha det klart, seier Wisløff som reknar med at utstyret dei leverer vil bli godkjent til å få dispensasjon av Mattilsynet frå kravet om manuell luseteljing.

zoomSlik ser kameraet til Panoptes ut.
Slik ser kameraet til Panoptes ut.

Merka stor interesse

Fôringskameraet har både tilt og rotasjon, medan lusekameraet er statisk. Begge er installert på same plattform. Selskapet med seks tilsette, har brukt mellom 45.000 og 50.000 arbeidstimar på utviklinga.

Selskapet hadde stor interesse frå besøkjande under årets Aqua Nor der dei viste fram resultata. Lusekameraet har ei oppløysing på 6K (6000 pixlar), medan fôringskameraet har ei oppløysing på 4K.

- Det er mange som har meldt si interesse for å komme til oss for å sjå nærmare på kamera, seier Wisløff.

Tøff konkurranse i segmentet

Det er i dag mange selskap som leverer kamerautstyr med automatisk luseteljing. Eide Fjordbruk har nyleg søkt dispensasjon frå kravet til manuell luseteljing ved hjelp av system frå Aquabyte og Imenco. Ecotone har utvikla ein heilautomatisk luseteljar, noko Stingray også jobbar for å få inn i sin luselaser. Optoscale, Sealab Ocean Group og Akva Group driv også med utvikling av denne typen teknologi.

- Det er stor konkurranse i denne marknaden. Me har utvikla både programvare og utstyr sjølv. Åtte ulike kamerahus er utvikla for å finne det beste. No er me så sikre på at dette fungerer som det skal, at me kan gå ut å fortelje om det. Overvaking av fiskehelse er noko me også ser for oss, men det neste blir måling av biomasse. Det kjem i løpet av hausten, seier Wisløff.

Skal ta inn utstyr som drep luselarvar

Fôringskameraet er brukt ned til 30 meters djupne og gir så gode bilete at det også skal vere mogeleg å få til automatisk fôringsstopp når fisken sluttar å ete.

- Det vil vere til stor hjelp for den som fôrar, meiner Wisløff.

Panoptes har også inngått ein avtale med Aquasonics på Kverva for å utvikle utstyr som tar livet av luselarvar.

- Aquasonics har fått patent på utstyret dei har utvikla til å ta livet av luselarvar. Me skal no jobbe saman for å innlemme dette utstyret i vår plattform. Dette utstyret fungerer i laboratoriet, og skal no testast i eit storskala testanlegg, fortel Wisløff.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )
 
Del saken