TIL DANMARK: «Norwegian Gannet» har så langt gjort over 40 turar til Danmark med ferdig slakta laks.Arkivfoto: Hav Line
TIL DANMARK: «Norwegian Gannet» har så langt gjort over 40 turar til Danmark med ferdig slakta laks.Arkivfoto: Hav Line
TIL DANMARK: «Norwegian Gannet» har så langt gjort over 40 turar til Danmark med ferdig slakta laks.Arkivfoto: Hav Line

«Norwegian Gannet» har slakta 13.000 tonn laks

«Norwegian Gannet» har eit budsjett på å slakte 35.000 tonn laks årleg. Til no i år er rundt 13.000 tonn slakta.

Det opplyste administrerande direktør Carl Erik Arnesen då han presenterte konseptet på Aqua Nor torsdag. 

zoomCarl Erik Arnesen, administrerende direktør i Hav Line.
Carl Erik Arnesen, administrerende direktør i Hav Line.

- Kostnadane per kilo levert i Danmark for oppdrettar er per no omtrent på nivå med det dei betalar for tradisjonell slakting og transport. Det vil kunne gå ned når volumet vårt går opp, fortalte Arnesen og la til at dei har eit årleg budsjett på å slakte 35.000 tonn laks.

Over 40 turar til Danmark

Så langt er det gjort over 40 turar, og sist veke gjekk også den første turen frå Skottland med laks til Hirtshals. Båten har henta laks frå over 20 lokalitetar for 13 ulike selskap. 

Hav Line har dispensasjon til å sortere produksjonsfisken i Danmark og sende den med ferje tilbake til Noreg. Dette fungerer som det skal, og Mattilsynet har vore på tilsyn på fabrikken, fortalte Arnesen.

- Men dette er unødvendig tungt, og i løpet av hausten vil me prøve Nærings- og fiskeridepartementet si tilbaketrekking av løyve til å sortere produksjonsfisken utanfor Noreg for retten. Me håpar sjølvsagt å vinne fram der, seier Arnesen.

Nominert til dansk pris

Terminalen i Danmark fungerer også som den skal, sjølv om den per no ikkje er går med full fart.

- Også den er under innkøyring, men svært mykje av drifta her er automatisert, sa Arnesen.

Terminalen er også nominert til den danske automatiseringsprisen Dira for 2019. Prisen vert delt ut av Dansk Robot Netværk i oktober.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )
 
Del saken