Vil ha rømmingshol i krabbeteiner

Fiskeridirektoratet foreslår at også teiner som skal brukast til fangst av krabbe i fritidsfisket bør ha rømmingshol. I dag er det berre hummarteiner som har krav til rømmingshol i tillegg til fluktopningar, skriv direktoratet på sine nettsider.

Det blir også foreslått å endre krava til rømmingshol i hummarteiner, slik at dei samsvarer med krava som no vert foreslegne for krabbeteiner.

Hummarteiner som det vart montert rømmingshol i etter nye reglar i 2018 kan framleis brukast når årets hummarfiske tek til, opplyser direktoratet. 

Rømmingshol skal redusere faren for «spøkelsesfiske» ved å sikre at skaldyr og fisk kan ta seg ut av teina dersom den går tapt eller på annan måte blir ståande igjen i sjøen.

( VILKÅR )
 
Del saken