SalmoTerra skal bygge oppdrett på land. 
SalmoTerra skal bygge oppdrett på land. 
SalmoTerra skal bygge oppdrett på land. 

Salmo Terra skal bygge lakseoppdrett på land i Noreg, men anlegget er forseinka

I januar gjekk Salmo Terra ut med at det nærma seg byggestart for det landbaserte matfiskanlegget i Øygarden utanfor Bergen. Enno manglar finansieringa.

- Me blir forseinka med bygginga, men har god dialog med fleire norske investorar. I løpet av hausten skal alt vere på plass, seier administrerande direktør Harald Schreiner Fiksdal i Salmo Terra til IntraFish.

Selskapet var i utgangspunktet i dialog med ein stor investor som ville finansiere heile prosjektet. No er dei i samtalar med fleire for å få på plass finansieringa, utan at Fiksdal ønskjer å gå i detaljar på kor mange og kor store beløp det er snakk om for dei enkelte.

zoomHarald Schreiner Fiksdal i Salmo Terra.
Harald Schreiner Fiksdal i Salmo Terra.

Slakting i 2021

Planen til Salmo Terra var å starte bygginga av anlegget tidleg i 2019 for å kunne slakte fisk frå den første delen av anlegget i løpet av 2020. Fiksdal fortalde om selskapet sine planar då EY la fram sin årlege rapport om havbruksnæringa.

I dag reknar Fiksdal med at anlegget kan vera ferdig bygd neste sommar og at første fisk då kan slaktast i løpet av 2021.

Fiksdal sa på EY-seminaret at Salmo Terra, i motsetnad til mange analytikarar, meiner det er rett å plassere landanlegg i Noreg, sidan det er her kompetansen er. Planen til Salmo Terra er å få inn ferdig smoltifisert fisk på rundt 110 gram i anlegget og la den vekse til den er rundt 5 kg. Selskapet har løyve til å produsere 8.000 tonn årleg.

Gråkjær har totalentreprise

For eitt år sidan inngjekk selskapet kontrakt med danske Gråkjær på totalentreprise av det over 6.000 kvadratmeter store anlegget. Avtalen er ikkje tidsavgrensa, og Gråkjær skal framleis står for bygginga når finansieringa er på plass.

Resirkuleringsanlegget (RAS) skal etter planen bestå av to vekstmodular som kan produsere opptil 1.200 tonn årleg. Kvar modul består av et vassbehandlingssystem med 12 kar, kvar på 625 kubikk.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )

 
Del saken