Har kutta prisen på skipstunnelen med over 600 millionar

I ein ny rapport frå Kystverket vert kostnadene med å bygge Stad skipstunnel kutta med over 600 millionar, melder Nett.no.

Det er på oppdrag frå Samferdsledepartementet at Kystverket har gått gjennom kostnader og nytteverdien ved Stad skipstunnel.

Skipstunnelen er planlagt bygd mellom Eide i Moldefjorden og Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje kommune. Prosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018-2029 - men samferdsleminister Jon Georg Dale ville ha ned kostnadene før han ville gi endeleg grønt lys.

Pådrivargruppa for Stad skipstunnel møtte statsråden før helga og kunne melde om ein «særs konstruktiv og god dialog»og at dei håpa på oppstartsmidlar i statsbudsjettet for neste år.

( VILKÅR )
 
Del saken