Får i oss store mengder plast

Forsking viser at eit menneske får i seg minst 50.000 plastpartiklar i året gjennom maten, og ei tilsvarande mengd gjennom lufta vi pustar inn, skriv NRK i dag. 

Det er svært sannsynleg at giftstoffa i plasten kan utgjere ein helsefare, ifølgje rapporten, som er publisert i magasinet Enviromental Science and Technology.

Mikroplasten som infiserer det meste rundt oss kjem frå plastavfall i oppløysing. Problemet er like stort over heile verda.

( VILKÅR )
 
Del saken