15 millionar for å styrke havnæringane digitalt

Regjeringa løyver 15 millionar kroner til styrking av digital kompetanse i havnæringane, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding. 

- Med denne satsinga legg regjeringa til rette for nok og rett kompetanse innanfor havnæringane. Det kan bidra til auka verdiskaping og produktivitet i havnæringane, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Satsinga skal bidra til utdanningar som i større grad kan gjere arbeidslivet i stand til å møte behov for omstilling og utnytte moglegheiter i havnæringane som følgjer av auka digitalisering, skriv departementet.

- Digitalisering og automatiserte prosessar kan gje tryggare, meir effektiv og meir miljøvenleg produksjon i havnæringane. Vi ønskjer å legge til rette for at dei som skal jobbe i havnæringane får den nødvendige digitale kompetansen. Dette er viktig for vidare utnytting av ressursane i havet, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp).

Departementet viser til at regjeringa vil i samarbeid med relevante organ vurdere nærare innretning av satsinga og komme tilbake med eit oppdrag om utlysing av pengane.

( VILKÅR )
 
Del saken