AUKAR: Kvoterådet på tobis skrus opp. Her «Odd Lundberg» på tobisfiske i engelsk Klondyke (forvlatningsområde 4a) i 2016.Foto: Rune Hovland/Facebook
AUKAR: Kvoterådet på tobis skrus opp. Her «Odd Lundberg» på tobisfiske i engelsk Klondyke (forvlatningsområde 4a) i 2016.Foto: Rune Hovland/Facebook
AUKAR: Kvoterådet på tobis skrus opp. Her «Odd Lundberg» på tobisfiske i engelsk Klondyke (forvlatningsområde 4a) i 2016.Foto: Rune Hovland/Facebook

Skrur opp kvoterådet for tobis med 70.000 tonn

Havforskingsinstituttet har oppdatert kvoterådet for tobis frå 55.000 til 125.000 tonn.

- Vi konstaterer at det er relativt god rekruttering hos tobisen. Rekrutteringa er blant dei tre beste vi har dokumentert dei siste åra, fortel Espen Johnsen i ein artikkel på Havforskningsinstituttets (HIs) nettsider.

zoomForsker Espen Johnsen
Forsker Espen Johnsen

Oppdatert råd

Det årlege mai-toktet på tobisfelta i Nordsjøen er avslutta. Med seg har Johnsen eit oppdatert tobis-råd, som er utarbeidd om bord etter kvart som ekkolodd-data og de biologiske prøvane er samla inn. Tobis er ein av dei få bestandane HI gjev råd på utanfor ICES-systemet. Dei lyse utsiktene gjer at kvoterådet går markant opp.

Sikra rekruttering

HI driv områdebasert forvalting der tobisbankane er delt inn i fleire delområde. Nokre delområde er alltid stengt for å sikra lokal rekruttering. Delområda 1b, 1c, 2b, 2c, 3b, 3c og 4a er opne for tobisfiske, men det blir ikkje opna for fiskeri på Vikingbanken, der bestanden framleis er kritisk låg.

God mattilgang

Toktet viser også at det er meir biomasse av årets treåringar enn kva det kunne sjå ut som frå fjorårets tobistokt.

- Den historisk sterke 2016-årsklassen dominerer på tobisfelta, og dei nye toktresultata stadfestar at det er snakk om ein kolossalt god årsklasse. Det lovar godt for bestanden, seier Espen Johnsen.

Under den seine og kalde våren i fjor var forskarane uroa for dei unge tobisane. Fiskane var skrinne. Espen Johnsen fortel at tobisen er i god stand i år, og at mattilgangen er god.

- Men tobisen har ikkje klart å henta seg inn 100 prosent etter den dårlege veksten dei hadde i fjor.

( VILKÅR )
 
Del saken