Havmerden til Salmar ble slept på plass før den ble senket ned under vann.Foto: Håvard Volden
Havmerden til Salmar ble slept på plass før den ble senket ned under vann.Foto: Håvard Volden
Havmerden til Salmar ble slept på plass før den ble senket ned under vann.Foto: Håvard Volden

Salmar set ut ny fisk i havmerden til hausten

Selskapet reknar med å setje ut 1,2 millionar fisk på rundt 200 gram i havmerden Ocean Farm i august.

Sidan den første generasjonen var ferdig slakta ut i vinter, har selskapet utført vedlikehald og forbetringar på pilotanlegget.

- Det vil alltid vere behov for å gjere tilpassingar på eit pilotanlegg. Perioden frå fisken var tømt for fisk er brukt til vedlikehald og forbetringar. Det er gjort fleire tilpassingar som me forventar skal gje enklare drift og betre resultat i produksjonen, seier konsernsjef Olav-Andreas Ervik i Salmar til IntraFish

Slaktar i andre halvår neste år

Selskapet opplevde mellom anna ei utilsikta krenging på merden etter at ei luke vart ståande open. Det førte til rømming av fisk. Selskapet har evaluert og konkludert etter hendinga, og endra praksis og rutinar, deriblant forbetra opplæring, for å unngå at det skal skje igjen.

- Produksjonen gjekk bra og var på nivå med det beste me ser innan konvensjonell lakseoppdrett. Me hadde heller ingen lusebehandlingar, fortel Ervik.

zoomKonsernsjef Olav-Andreas Ervik i Salmar.
Konsernsjef Olav-Andreas Ervik i Salmar.

I august set selskapet etter planen ut 1,2 millionar fisk med snittvekt på rundt 200 gram i merden. Snittvekta er den same som ved første utsett, medan talet på fisk er auka frå 1 million.

- Planen er å slakte ut denne fisken andre halvår 2020, fortel Ervik.

Avgjer bygging av Mariculture i haust

Akkurat no er Salmar i ferd med å avslutte evalueringsrapporten av Ocean Farm 1 som er eit av krava for å få utviklingsløyve. Den skal sendast til Fiskeridirektoratet for godkjenning.

- Når den er ferdig og godkjent av Fiskeridirektoratet, vil heile rapporten bli offentleg slik det er krav om, seier Ervik og legg til at det då også vil vere naturleg å søkje konvertering av dei åtte utviklingsløyva til ordinære laksekonsesjonar. Prisen per konsesjon er då ti millionar kroner.

Gjennom dotterselskapet Mariculture, der Salmar eig 51 prosent av aksjane, har dei også fått åtte utviklingsløyver. Det er enno ikkje gjort endeleg investeringsvedtak så ein jobbar framleis med ferdigstilling av design og forhandlingar med ulike verft.

- Mariculture er framleis i prosjektfase. Resultata frå Ocean Farm 1 gav oss tryggleik for vidare satsing på havbasert produksjon, og kunnskapen frå prosjektet tar me no med oss inn i det vidare arbeidet i Mariculture, fortel Ervik.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )
 
Del saken