Stranda Prolog har inngått kontrakt med Frøy Akvaservice og Frøy Vest på salg av seks Manta notspylere.Foto: Pressefoto/Stranda Prolog
Stranda Prolog har inngått kontrakt med Frøy Akvaservice og Frøy Vest på salg av seks Manta notspylere.Foto: Pressefoto/Stranda Prolog
Stranda Prolog har inngått kontrakt med Frøy Akvaservice og Frøy Vest på salg av seks Manta notspylere.Foto: Pressefoto/Stranda Prolog

Stranda Prolog har stor tru på slakting på merdkanten

Selskapet satsar på bløggebåtar og annan ny teknologi.

- Me har selt fleire prosjekt for slakting på merdkanten. Mest kjent er nok båtane til Napier, men også «Godfisken», som er ein nødslaktebåt på 24 meter, har vårt utstyr om bord, seier administrerande direktør Klaus Hoseth i Stranda Prolog til IntraFish.

«Godfisken»er eigd av fleire mindre oppdrettsselskap i Sogn og Fjordane, og nødslaktebåten deira er ein 24 meter arbeidsbåt med utstyr på dekk som kan takast av og monterast på alt etter behov. Båten kan laste 45 tonn fisk og kan brukast i ulike operasjonar.

- «Godfisken» har fokus på fleksibilitet i bruken, medan Napier sine båtar har skreddarsydde og optimaliserte løysingar for slakting på merdkanten. Båtane er designa ut frå det, fortel Jonny Holsen som jobbar med prosjektsal i Stranda Prolog.

Satsar vidare på Helixir

IntraFish møter dei på selskapets stand i Brussel, der notspylaren Manta er blikkfanget. Den har selskapet brukt mykje pengar på å utvikle, og notspylaren går no ifølgje Hoseth inn i kommersialiseringsfasen. I januar fekk selskapet kontrakt på levering av seks spylarar til Frøy Akvaservice og Frøy Vest.

Eit anna satsingsområdet er fiskehospitalet Helixir som selskapet investerer mykje pengar i for å utvikle vidare. Men denne er ikkje heilt kom til kommersialiseringsfasen enno. Det er derimot slakting på merdkanten, der Stranda Prolog har levert mykje til reiarlaget Napier som har bygd, og byggjer, fleire bløggebåtar, der Mowi er den største kunden og har vore det i over ti år.

zoomJonny Holsen og Klaus Hoseth i Stranda Prolog hadde mange på besøk på standen sin på sjømatmessa i Brussel.
Jonny Holsen og Klaus Hoseth i Stranda Prolog hadde mange på besøk på standen sin på sjømatmessa i Brussel.

Mange år med utvikling av bløggebåtar

Alt i 2005-2006 starta Stranda Prolog utviklinga med bløggebåt-konseptet. I 2009 vart den første bløggebåten Tauranga sett i drift.

- Me har jobba tett saman med Napier og Mowi for å utvikle konseptet med slakting på merdkanten. Det var tre-fire år med utvikling før Tauranga kom, og det tok ytterlegare åtte år før konseptet vart kommersialisert. Liknande utvikling ser me også med Helixir-konseptet. Etter mitt syn er det inga ulempe at oppdrettarane ventar og ser ting litt an sidan teknologien blir utvikla heile tida, seier Hoseth.

Men no meiner han tida er moden for slakting på merdkanten i langt større grad.

- I 2021 kjem også nytt regelverk som vil avgrense bruken av ventemerdar. Det talar også for slakting på merdkanten, seier han.

zoomTesting av laksehospitalet Helixir.
Testing av laksehospitalet Helixir.

Valte vekk brønnbåt

Stranda Prolog har tatt eit strategisk val om ikkje å satse på brønnbåtmarkanden med sine løysingar. Det er fleire år sidan dei trekte seg ut av den marknaden.

- På brønnbåtsida er det to gode alternativ i MMC First Process og Cflow. Næringa får dekt sitt behov der, seier Hoseth. 

I staden valte selskapet å satse på andre område.

- Det me trur på er bulkhandtering av fisk som er heil. Det gir betre kvalitet på fisken samanlikna med om handterer den i bulk etter at den er sløgd. Ein sløgd fisk blir tyngre i vatn og ein treng meir trykk på fisken for å få sirkulasjon. Det går ut over kvaliteten. Utforminga av bløggebåtane er gjort for at fisken ikkje skal lagrast for djupt i vatnet. Me er ganske nerd når det kjem til fisk. For å lage utstyr og forbetre prosessane våre, er me nøydd for å skjønne fisken, seier Hoseth.

Passerer 100 tilsette

Ved årsskiftet hadde selskapet 86 tilsette, og ved inngangen til 2020 reknar Hoseth med at dei er passert 100. Nyleg søkte dei etter 20 nye personar, og rekrutterer mange gjennom lærlingordninga lokalt. Ved årsskiftet var det 12 lærlingar i selskapet.

- For å nå målet om over 200 millionar kroner i omsetnad, er det behov for fleire folk. Utviklinga og salet av notspylaren vår, er noko som skal bidra til veksten. Det me også har lykkast godt med dei siste åra, er satsinga på sal av kjøletankar til islandske fiskebåtar. Det var ein marknad me kom inn på i fjor. Me har selt 17 tankar for superkjøling dit, og me sel også bra i Noreg, slik me har gjort lenge, fortel Hoseth.

To andre marknader selskapet ønskjer å vekse i, er Chile og rundt Middelhavet.

- Chile kjem som ei kule når det gjeld laks. Me tilpassar også teknologien vår til å passe oppdrett i Middelhavet, seier Hoseth.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fra IntraFish.no:

( VILKÅR )

 
Del saken