Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt kan i sommar seja ut fisk for første gong på konsesjonen selskapet kjøpte i 2014.Foto: Joar Grindheim
Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt kan i sommar seja ut fisk for første gong på konsesjonen selskapet kjøpte i 2014.Foto: Joar Grindheim
Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt kan i sommar seja ut fisk for første gong på konsesjonen selskapet kjøpte i 2014.Foto: Joar Grindheim

No blir det fisk i den delvis lukka merda til Hardingsmolt

Fire år etter at Hardingsmolt fekk kjøpt ein av ti såkalla mørkegrøne konsesjonar, vil selskapet i sommar setje ut første fisk i det semilukka anlegget.

- Ja det har tatt tid, men no er me der. Me kunne satt ut tidlegare i år, men sidan området skal brakkleggast frå 15. juni så valte me å vente til den felles brakkleggingsperioden er over, fortel dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt til IntraFish.

Mørkegrøne konsesjonar blei oppretta for å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som reduserer miljøutfordringane vesentlig.

Overtar lokalitet frå eigarselskap

Hardingsmolt har fått overta ein av lokalitetane ein av eigarane, Kobbevik og Furuholmen, ikkje hadde bruk for lengre ved Koløyholmen i Fitjar kommune.

- Den er ikkje eigna for dei, men perfekt til vårt føremål, fortel Drivenes.

Hardingsmolt skal setja ut smolt på rundt 500 gram i to semilukka merdar. Her skal den vekse seg opp til 1 kg før den vert levert vidare til eigarselskapa Fremskridt Laks og Kobbevik og Furuholmen som produserer fisken vidare til slaktestorleik.

Grønne konsesjoner

  • En spesiell type tillatelser vedtatt i 2013 for å «redusere miljøutfordringene med rømming av oppdrettsfisk og spredning av lakselus».
  • Totalt 45 tillatelser, i tre ulike grupper; A, B og C.
  • I gruppe A og B måtte oppdretterne komme opp med løsninger som enten reduserte risiko for rømming, eller sikret nivåer på under 0,25 lakselus og maksimalt 3 medikamentelle behandlinger per produksjonssyklus.
  • Gruppe A for forbeholdt Troms og Finnmark, mens gruppe B ble solgt over hele landet gjennom en lukket budrunde. Gruppe C, også kalt «mørkegrønn», hadde ekstra stenge krav.
  • Auksjonen i gruppe B endte med at konsesjonene ble solgt til 55 - 66 millioner kroner stykket.

Kilder: Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementets nettsider.

Nyutvikla anlegg

Selskapet vart tildelt ein mørgegrøn konsesjon i gruppe C i 2014-riunden. Det var ein av 10 konsesjonar i denne gruppa som vart selt til ein fastpris på 10 millionar kroner.

Det er selskapet Merdslippen som har utvikla anlegget som no skal bli tatt i bruk. Ei årsak til at det har tatt tid, er mellom anna sertifiseringa av den nye typen anlegg. Men no er anlegget ferdig testa og klar til å ta i mot fisk i løpet av sommaren.

Styreleiar i Hardingsmolt, Ingebrigt Landa, har tidlegare sagt til IntraFish at dei vil lære seg å bruke utstyret, og at det difor ikkje er aktuelt å produsere slaktefisk.

- Me har tru på lukka produksjon som ei delløysing, men ikkje ei endeleg løysing. I starten vil fisken etter kvart bli flytta over i opne anlegg, sa Landa då IntraFish fortalte om det nye anlegget i fjor.

Likte du denne artikkelen? Les fleire saker frå IntraFish.no:

( VILKÅR )

 
Del saken