Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt på selskapets nye kaianlegg der smolten vert lasta ombord på brønnbåt etter ein fire minuttar tur i tunnell gjennom fjellet i bakgrunnen.Foto: Joar Grindheim
Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt på selskapets nye kaianlegg der smolten vert lasta ombord på brønnbåt etter ein fire minuttar tur i tunnell gjennom fjellet i bakgrunnen.Foto: Joar Grindheim
Dagleg leiar Jakob Drivenes i Hardingsmolt på selskapets nye kaianlegg der smolten vert lasta ombord på brønnbåt etter ein fire minuttar tur i tunnell gjennom fjellet i bakgrunnen.Foto: Joar Grindheim

Her får smolten ein 500 meter lang rutsjetur gjennom fjellet og ned til brønnbåten

I fjor stod Hardingsmolt sitt nye leveringsanlegg for smolt ferdig.

Smolten som vert produsert hos Hardingsmolt kjem med fly frå Island som rogn, og avsluttar opphaldet i smoltanlegget med ein 500 meter og fire minutt lang rutsjetur gjennom fjellet og ned til brønnbåten.

Kriblar i magen

Så langt er det levert fisk fem gonger gjennom røyrsystemet der laksen glir med vatnet som renn nedover mot sjøen og den ventande brønnbåten.

Den siste leveringa var i påska. Då var det fisk med snittvekt på 378 gram som gjekk gjennom 12-toms-røyret med ein fart på to meter i sekundet ned til det nye kaianlegget der brønnbåten tok imot.

- Me kan ta i mot brønnbåtar på opptil 5000 kubikk på kaianlegget. Det kriblar i magen fleire dagar i framkant før levering, smiler dagleg leiar Jakob Drivenes ved Hardingsmolt.

Turen tar fire minutt

Laksen som er klar til utsett vert løfta opp i eit kar der vasspegelen er på kote 12,5 meter over havet. Utanfor er berre to røyr synlege i bakken. Der vert slangar kopla på når laksen skal leverast. Deretter brukar den fire minuttar på den 500 meter lange turen gjennom røyret i fjellet.

zoomHardingsmolt har laga ein 500 meterlang tunnel gjennom fjellet for å sende smolt til kaianlegget på andre sida der brønnbåten ventar. Ved anlegget er to røyr synlege. Eit til fisken, eit til vatn i retur.
Hardingsmolt har laga ein 500 meterlang tunnel gjennom fjellet for å sende smolt til kaianlegget på andre sida der brønnbåten ventar. Ved anlegget er to røyr synlege. Eit til fisken, eit til vatn i retur.

Då selskapet investerte i nytt postsmoltanlegg, måtte det også lagast ny løysing for levering av fisk sidan smoltanlegget ikkje har direkte tilkomst til sjø. Løysinga vart å lage tre hol i fjellgrunnen, eit for laks til brønnbåt, eit for returvatn og eit for fiberkablar ned til kaien for å sikre god kommunikasjon.

Lukka system 

Vatnet som vert brukt for å få laksen ned til brønnbåten vert frå brønnbåten pumpa opp igjen til anlegget slik at det er ei lukka vass-sløyfe.

- At det er eit lukka system gjev oss ekstra biotryggleik dersom nokon av sjøanlegga i nærleiken til dømes skulle få Ila. Me skal likevel kunne levere fisk som normalt, fortel Drivenes.

Selskapet fekk godkjent byggjeløyve for kaianlegget i fjor, og kort tid etterpå var brygga ferdig bygd. På land jobbast det framleis med oppføringa av eit naust for lagring av utstyr.

- Det bygger me sjølv i ledige stunder, fortel Drivenes.

Likte du denne artikkelen? Les fleire saker frå IntraFish.no:

( VILKÅR )

 
Del saken