Masterstudent Malin Lindal Olaussen var med på toktet for å konsentrere seg om dei ulike flyndreartane. Her er ho med egghåven.Foto: Erlend A. Lorentzen/Havforskingsinstituttet

Få torskeegg langs Sørlandskysten

I over to veker har havforskarane kartlagt kystfisken sine gytefelt frå Risør i sør til Siragrunnen ved grensa mot Rogaland.

Med forskingsfartøyet «G.M. Dannevig» stoppa forskarane på 390 prøvetakingsstasjonar for å trekke egghåven opp frå 50 meters djup, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider. 

Forskarane fann mykje egg frå sandflyndre, gapeflyndre, skrubbe og raudspette. 

Under ti torskeegg i kvart håvtrekk

- Kysttorsk såg vi derimot lite av, sjølv på det som var gode gytefelt for ti år sidan, seier toktleiar Sigurd Heiberg Espeland i meldinga.

På kjende gytefelt som i Sørfjorden i Risør, Tvedestrandsfjorden og Toppdalsfjorden i Kristiansand fekk forskarane godt under ti torskeegg i kvart håvtrekk. Tidlegare rekna forskarane 20-30 torskeegg for ein laber fangst.

6500 egg og larvar

Kor og kva tid kystfisken gyter, er viktig kunnskap når forvaltninga skal gi løyve til sprenging, mudring eller annan menneskeleg aktivitet som kan gå ut over dyrelivet.

Totalt fann forskarane 6500 egg og larvar. Desse er fotograferte gjennom mikroskop og lagde på sprit. Dermed kan forskarane ta genetiske prøver av dei på land.

Når egga er artsbestemde frå DNA, skal oseanografar simulere korleis egga har drive med havstraumane etter gyting. Då vil dei finne den mest sannsynlege opphavsstaden.

- Når det er på plass, kan vi teikne inn eventuelle gytefelt på kartet for artar langs kysten, seier Espeland.

( VILKÅR )
 
Del saken