Ingebrigt Landa i Kobbevik og Furuholmen håpar å starta bygginga snart på det nye anlegget.Foto: Anders Furuset

Oppdrettsselskap får løyve til å produsere 10.000 tonn postsmolt og matfisk på land

Kobbevik og Furuholmen Oppdrett skal investera 600-800 millionar i nytt postsmoltanlegg

Selskapet har fått løyve til å produsera inntil 10.000 tonn postsmolt og matfisk i eit landbasert anlegg på Årskog i Fitjar kommune.

- Me er svært glade for at alle løyva endeleg er i boks, seier dagleg leiar Ingebrigt Landa i Kobbevik og Furuholmen til Fitjarposten.

I 2017 søkte dei om å få etablera anlegget, men søknaden stoppa oss Mattilsynet, som blant anna var redd for smitte til nærliggande anlegg. Etter klage der ny dokumentasjon vart sendt inn, snudde Mattilsynet og oppheva avslaget i februar. No har også Hordaland fylkeskommune sagt ja, og selskapet jobbar fortløpande med prosjektering, planlegging og budsjettering.

- Det er ein del detaljar som skal på plass enno, men me håpar å koma i gong med bygginga så snart som råd, seier Landa til avisa

Den totale utbygginga vil kosta 600-800 millionar kroner, og det ferdige anlegget vil gje rundt 35 arbeidsplassar.

( VILKÅR )
 
Del saken