Forskarane Angelico Madaro og Jonatan Nilsson frå Havforskingsinstituttet, studerer laksen som vart utsett for temperert vatn.Foto: Lars Helge Stien/Havforskningsinstituttet
Forskarane Angelico Madaro og Jonatan Nilsson frå Havforskingsinstituttet, studerer laksen som vart utsett for temperert vatn.Foto: Lars Helge Stien/Havforskningsinstituttet
Forskarane Angelico Madaro og Jonatan Nilsson frå Havforskingsinstituttet, studerer laksen som vart utsett for temperert vatn.Foto: Lars Helge Stien/Havforskningsinstituttet

Slik testa forskarane korleis laksen reagerte på varmt vatn

Åtferdsforsøka Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet gjorde ved forsøksstasjonen i Matre, hadde berre eit føremål. Å sjå på endringar i åtferd når laksen vart utsett for varmt vatn, skriv IntraFish

- Forsøka var veldig enkle. Me har hatt postsmoltlaks gåande i kar i Matre. Så flytta me laksen ein og ein til eit nabokar der me brukte vatn med ulike temp frå 0 til 38 grader, fortel forskar Lars Helge Stien ved Havforskingsinstituttet til IntraFish. 

På bakgrunn av dei foreløpige resultata har Mattilsynet sagt at de ventar at oppdrettarar ikkje bruker vatn over 28 grader i lusebehandling

Filma alt

Forskarane brukte ulike temperaturintervallar, men auka stort sett med to grader for kvart forsøk. På høge temperaturar auka dei temperaturen med ei grad.

Stien fortel at dei overvaka alt med kamera undervegs for å sjå endringar i åtferda til laksen som var rundt 230 gram. 

Totalt vart seks fiskar undersøkt på dei ulike temperaturane, og ein og ein vart flytta over med håv for at fisken skulle bli utsett for minst mogeleg stress. Dette for å sikre at det berre var endringar på grunn av temperatur som vart observert. 

Kom frå 8 graders vatn

Fisken var utan lus og heilt «rein». I hovudkaret var temperaturen 8 grader, og fisken gjekk maksimalt i 5 minutt i det tempererte vatnet.

- På 28 grader såg me at fisken la seg over på sida etter 270 sekund. Så gjekk det ned til rundt 150 sekund før den la seg på sida på 30 grader, og stadig raskare med varmare vatn. På 36, 37 og 38 grader var det ganske likt, og det gjekk rundt 90 sekund før fisken la seg på sida.

zoomBilete er sett saman av fire etterfølgjande bilderammer frå ein av filmane av laks som vart utsatt for 34 grader i forsøket til Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet.
Bilete er sett saman av fire etterfølgjande bilderammer frå ein av filmane av laks som vart utsatt for 34 grader i forsøket til Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet.

Skal sjå på skader over tid

Frå 28 grader og varmare svømte fisken frå første stund inn i karvegg, rista på hovudet, plaska i overflata og tapte etter kvart kroppskontroll. Ristinga på hovudet begynte allereie på 24-26 grader, men alle endringar i åtferd vart sterke og tydelege frå 28-30 grader

- Er det gjort forsøk med å flytte fisken frå kar med anna temperatur i vatnet enn 8 grader for å sjå om det gav skilnader?

- Nei, ikkje i dette forsøket. Det må eventuelt bli i oppfølgingsforsøk. Det er mange måtar å vri på forsøka for å måle ulike parameter. Me held på å planlegge eit forsøk der ein skal sjå på skadeeffektar ved varmtvassbehandling. Det består i å repetere behandling og sjå kva skader som oppstår over tid. I det forsøket hadde me tenkt å bruke standartemperatur på 34 grader, men det er mogeleg det må endrast no. Dei vanlegaste temperaturane å bruke i behandling med varmt vatn er mellom 28 og 34 grader, seier Stien. 

Ventar på fagfellevurdering

Frå rapporten frå forsøket, ligg no to artiklar til fagfellevurdering før publisering i Veterinary and Animal Science.

Solveig Nygaard, veterinær i Fomas Fiskehelse og Miljø, sa til IntraFish måndag at det var viktig å få ut rapporten så snart som mogeleg, slik at dei som jobbar med dette til dagleg kan justere sine tiltak mot lakselus.

- Kva tid blir rapporten tilgjengeleg for fiskehelsepersonell?

- Det er vanskeleg å svare eksakt på. Artiklane vart sendt inn for ein og ein halv månad sidan. Kor lang tid det tar før dei vert publisert, er avhengig av tidsskriftet. I realiteten kan det ta tre fire månadar før tidsskriftet får gjort dette. Då blir rapporten tilgjengeleg, fortel Stien.  

( VILKÅR )
 
Del saken