Her er noko av plasten som vart henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen for to år sidan. Foto: CHRISTOPH NOEVER / UNIVERSITETET I BERGEN

Økosystemtoktet utvidast til å overvake mikroplast

Norske og russiske havforskarar skal forske meir på plast i havet.

Sidan 2004 har havforskarar frå Noreg og Russland gjennomført eit omfattande økosystemtokt i Barentshavet kor dei har undersøkt havområdet «frå A til Å». Frå 2010 utvida dei toktet til å omfatte overvaking av makroplast, men no ønsker dei å utvide til mikroplast også, skriv Havforskingsinstituttet. Det vil seie plastbitar som er mindre enn 5 millimeter. 

Forskarane skal også utvikle metodar for å samle inn mikroplast og undersøke om mikroplast blir tatt opp i fiskekjøtet. 

Den norsk-russiske overvakinga viser at mellom 40 og 60 prosent av makroplasten i Barentshavet kjem frå fiskeflåten og omfattar først og fremst tauverk og reiskap.

- Heldigvis tar både norsk og russisk fiskerinæring og styresmaktene i begge land dette på alvor. Flåten har blitt flinkare til å ta plastavfallet med seg til hamn, og styresmaktene legg til rette for at dei kan levere plastavfallet gratis, seier havforskar Bjørn Einar Grøsvik i meldinga.

Høyr podkast om plastforsøplinga her:

( VILKÅR )
 
Del saken