Vraket av ubåten ligg på 150 meters djup utanfor Fedje i Hordaland. Det vart funne av Marinen i 2003. Illustrasjon: Kystverket
Vraket av ubåten ligg på 150 meters djup utanfor Fedje i Hordaland. Det vart funne av Marinen i 2003. Illustrasjon: Kystverket
Vraket av ubåten ligg på 150 meters djup utanfor Fedje i Hordaland. Det vart funne av Marinen i 2003. Illustrasjon: Kystverket

Kvikksølv i fisk ved Fedje kjem ikkje frå ubåtvraket

Forskarane ved Havforskingsinstituttet har funne ein ny metode som viser kor miljøgifta kjem frå.

Den forliste ubåten frå andre verdskrig hadde 67 tonn med kvikksølv om bord då han vart torpedert, og mykje av dette vart spreidd utover og ligg på botnen rundt vraket. Likevel er ikkje kvikksølvet som ein finn i fisk i nærleiken frå utbåtvraket, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider

- Kvikksølvet som er i fisk ved Fedje kjem frå den generelle forureininga som vi ser i alle kystområda våre, seier forskar Sylvia Frantzen i meldinga. 

Fingeravtrykket til miljøgifta

Ved å bruke ein avansert metode som klarer å skilje mellom kvikksølv frå ulike kjelder kan forskarane sjå om kvikksølvet ein finn kjem frå kjende utsleppskjelder i nærmiljøet eller frå generell ureining.

Ulike kjelder av kvikksølv har ulik samansetjing av isotopar, som er atom av same grunnstoff med ulik masse og dermed ulik vekt. Ved å måle mengda av dei ulike isotopane kan dei finne ut korleis «fingeravtrykket» til kvikksølvet i ei prøve ser ut og samanlikne dette med andre prøver.

Same som andre plassar

Undersøkingane ved Fedje viser at djupvassfisken brosme som lever på botnen rundt vraket, har det same kvikksølvet i seg som i brosme som er fiska andre stader langs kysten. Han har ikkje eit spesielt Fedje-avtrykk, og kvikksølvet som ein finn i denne fisken må då kome frå ein annan plass enn ubåtvraket.

- Dette rimar med at vi i mange år har funne lite kvikksølv i brosma ved Fedje samanlikna med andre stader langs kysten. Dersom kvikksølvet frå vraket hadde enda opp i næringskjeda burde jo vi ha funne mykje kvikksølv i fisken i området. Vi finn ikkje spesielt høge nivå av kvikksølv verken i lever eller i filet her, seier Frantzen.

Uviss framtid for vraket

Kva som skal skje med Fedje-ubåten har vore ei hard nøtt. Myndigheitene landa i fjor haust på å dekke til vraket, men på nyåret vart det klart at det vert nok ein runde. Ny teknologi kan moglegvis gi ein sikrare måte å handtere ubåtvraket på. Staten har brukt 270 millionar kroner på ubåten så langt, og prisen kan ende på 1,7 milliardar alt etter kva for løysing ein går for til slutt. 

Fisk ved Fedje-ubåten blir sjekka for kvikksølv kvart år. Sett bort frå brunmat av krabbe, er det ikkje funne for høge nivå av kvikksølv sidan overvakinga starta i 2004. 

Metallisk kvikksølv

Kvikksølvet som har rent ut frå ubåtvraket og ligg på botnen der er metallisk kvikksølv. Så lenge metallet har denne forma kan det ikkje bli tatt opp i levande organismar. Mange er likevel bekymra for at kvikksølvet kan bli omdanna til ein annan og mykje farlegare kvikksølvtype, såkalla metylkvikksølv.

For at ei slik omdanning skal skje, må der vere organisk materiale, gjerne kombinert med lite oksygen, slik det til dømes er i ein djup og lukka fjord. Dette gir gode vilkår for at mikroorganismar kan danne om kvikksølvet til det giftige metylkvikksølvet. I ope hav som ved Fedje samlar det seg ikkje opp så mykje organisk materiale på botnen, og det er god sirkulasjon av vatnet.

Hva synes du egentlig om Tekfisk? Det lurer vi på, og derfor håper vi du kan sette av noen minutter til å svare på denne korte spørreundersøkelsen.

( VILKÅR )
 
Del saken