NY TEKNOLOGI: Norway Royal Salmon reknar med at den første fisken i offshore-merden, blir satt ut hausten 2020.Illustrasjon: NRS
NY TEKNOLOGI: Norway Royal Salmon reknar med at den første fisken i offshore-merden, blir satt ut hausten 2020.Illustrasjon: NRS
NY TEKNOLOGI: Norway Royal Salmon reknar med at den første fisken i offshore-merden, blir satt ut hausten 2020.Illustrasjon: NRS

Neste haust kan NRS ha fått fisk i dette offshore anlegget i Lenvik

Snart startar Norway Royal Salmon (NRS) bygginga av offshoremerda si.

- Me startar bygginga av offshoremerden vår no ganske snart, og målet er å ha fisk i sjøen i tredje kvartal 2020, sa konsernsjef Charles Høstlund under North Atlantic Seafood Forum torsdag.

zoomCharles Høstlund, konsernsjef i Norway Royal Salmon (NRS).
Charles Høstlund, konsernsjef i Norway Royal Salmon (NRS).

Han brukte mykje tid på å vise korleis selskapet har planar om å vekse i framtida. Der er bygging av nytt storsmoltanlegg viktig, samt satsinga på Island. Det han brukte mest tid på var likevel

Åtte løyve i Lenvik

Til konseptet Arctic Offshore Farming har selskapet fått åtte utviklingsløyve. Selskapet har søkt om å få etablere seg på lokaliteten Ytre Øyfjord i Lenvik kommune i Troms med konseptet.

- Dersom industrien skal vekse, må den ta i bruk ny teknologi og auke arealutnyttinga og nå meir eksponerte område, sa Høstlund.

Han viste til at i dag er 96 prosent av lokalitetane innanfor område med maksimal bølgehøgde på 3,5 meter.

Me trur at offshore oppdrett er ein del av framtidas lakseoppdrett

- Med offshore oppdrett må me ha utstyr som kan handtere ekstreme forhold. Anlegget vårt er designa for 15 meter bølgehøgde, men me startar testinga på 6,5 meter bølgehøgde. Dette er noko som må takast gradvis, sa Høstlund.

Han meiner det er postitvt at norske styresmakter har starta arbeidet med rammeverk og lovgiving for offshore oppdrett.

NASF

North Atlantic Seafood Forum (NASF) ble arrangert fra 6-8. mars i Bergen.

Konferansen er den 13. i rekken, og er verdens største sjømatkonferanse.

150 innledere er fordelt på 16 store seminarer i løpet av de tre dagene.

Mer enn 900 sjømatledere fra over 35 land og 300 bedrifter deltok på konferansen.

Kilde: NASF

Løyser ikkje alle utfordringane

- Men det er mange spørsmål igjen å avklare. Me trur at offshore oppdrett er ein del av framtidas lakseoppdrett. Det vil løyse nokon, ikkje alle, utfordringane med tanke på areal og miljø. Men me må ta dette gradvis og ta nødvendig omsyn til både folk og fisk, understreka Høstlund.

- Veksten vil komme, men det tar tid, avslutta han.

Også finansdirektør Sjur Malm i Lerøy er sikker på at offshore oppdrett vil vere ein del av framtida.

- Gir du ingeniørar nok pengar, så vil dei løyse dei fleste utfordringane. Spørsmålet er kva kostnaden blir til slutt. Men at det vil skje oppdrett offshore i framtida, er ganske sikkert, sa han og la til at satsing på land og større smolt også vil bidra til vekst.

- Men ja, det vil ta tid å få denne veksten, sa Malm.

( VILKÅR )
 
Del saken