Utviklingssjef Simon Nesse Økland (t.v.) og fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes i Bremnes Seashore ser ei klar betring i kvaliteten på laksen etter at de tok i bruk to store tankar på land som ventemerdar. Foto: Kjersti Kvile
Utviklingssjef Simon Nesse Økland (t.v.) og fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes i Bremnes Seashore ser ei klar betring i kvaliteten på laksen etter at de tok i bruk to store tankar på land som ventemerdar. Foto: Kjersti Kvile
Utviklingssjef Simon Nesse Økland (t.v.) og fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes i Bremnes Seashore ser ei klar betring i kvaliteten på laksen etter at de tok i bruk to store tankar på land som ventemerdar. Foto: Kjersti Kvile

Bremnes Seashore legg si ære i å få så kald og avslappa fisk som mogleg

I ventetankar på land får oppdrettarane ut den beste kvaliteten frå laksen.

Arbeidet med å heve kvaliteten stoppar ikkje hos Bremnes Seashore, berre for at dei har ei merkevare som går for å vere crème de la crème. 

For fire-fem år sidan gjekk dei nye vegar for å sikre at dei får det beste ut av fisken dei produserer. Stikkorda er lågt stress og kalde temperaturar. 

Eit gjennombrot

I 2014 starta bygginga av to ventetankar på land. Her skal fisken symje rundt, stresse ned for å sørgje for endå betre kvalitet. 

Sintef konkluderte i ein rapport at dette var ingenting mindre enn eit gjennombrot i laksenæringa.

- Det har betydd veldig mykje for kvaliteten, spesielt for foredla vare, så har den blitt løfta fleire hakk, stadfestar utviklingssjef Simon Nesse Økland når Tekfisk kjem på besøk. 

zoomNår fisken blir teken inn til avliving, flyt han ut av kjølingstanken fremst i biletet. Det same vatnet brukast i fabrikken, så det ikkje blir nokon miljøforandringar. 
Når fisken blir teken inn til avliving, flyt han ut av kjølingstanken fremst i biletet. Det same vatnet brukast i fabrikken, så det ikkje blir nokon miljøforandringar. 

Ein kald fisk

Desse gjennombrotstankane har fått namnet LCF - live cold fish. Kvar tank tek 150 tonn laks, så enno er dei avhengige av å ha dei tradisjonelle ventemerdane i sjøen utanfor i tillegg.

Heile anlegget er designa for å få ein roleg og kald fisk: Når fisken er sett på tanken, går han eit døgn eller to og stressar seg ned i sjøvatn som held 7-8 grader. 

Vatn-nivået i tankane er høgare enn i levandekjølingstanken som er neste steg. Det betyr at laksen berre kan flytast ut, utan mekanisk påkjenning, trykk eller vakuum. 

- Dette er viktig for å sikre god fiskehelse og velferd, seier fabrikksjef Ådnanes.

Etter ei tid i cirka 1,5 graders vatn, fraktast fisken over i fabrikken for å møte sin skjebne der. 

Ein kultur for utvikling

- Det at fisken er full av energi, kombinert med lågt stress, gjer at me får nokre interessante målingar på kjøttkvaliteten, seier Økland.

Han fortel at dei mellom anna har låge verdiar av mjølkesyre, som kan forringe kvaliteten på laksen. Lågare nivå av stresshormonet, kortisol, har dei også.

Byggjetomta er klar for ein tredje tank. Det har den vore nokre år. Dei vil ha tre, men får det truleg ikkje til i år heller. 

- Me har mange jern i elden og kan ikkje gjere alt på ein gong, seier fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes, som også er med og viser rundt.

zoom- Når karane ser dette biletet, vil dei nok le godt, meiner Simon Nesse Økland (t.h.). Det er nemleg ikkje her i kontrollrommet han og kollega Geir Ivar Ådnanes sit oftast.
- Når karane ser dette biletet, vil dei nok le godt, meiner Simon Nesse Økland (t.h.). Det er nemleg ikkje her i kontrollrommet han og kollega Geir Ivar Ådnanes sit oftast.

Ingen hysteri

Bremnes Seashore er eigd av familien Svendsen, med Olav Svendsen i førarsetet.

- Dei har vore flinke til å pløye overskotet attende til bedrifta og byggje langsiktig. Me har ikkje hatt det kvartalshysteriet som børsnoterte selskap har. Det trur eg er ein god ting, seier Økland. 

Konsernet har ei forskingsavdeling skilt ut i eit eige selskap, Myobiotec AS. Der jobbar to seniorforskarar, ein produktutviklar og ein prosjektleiar. Det vart stifta for mange år sidan, den gongen som Kald Fisk AS, som vart oppretta for å selje levandekjølingsteknologien.

Kjøling og kvalitet

For det var spesielt kjøling som var starten på arbeidet med laksekvaliteten.

Året var 1992. Olav Svendsen byrja ta over etter far sin og var oppteken av å produsere god fisk i sjøen året rundt. Saman medto forskarar frå det som den gong heit Landbrukshøgskulen, kom han på ideen dei kalla levandekjøling. Dei såg nemleg at laksen hadde betre kvalitet på vinteren enn om sommaren då vatnet var varmare. Dei let fisken gå i kaldt vatn ei periode - og såg at kvaliteten vart betre. 

Det er denne ideen som er blitt vidareutvikla heile vegen fram til dei to tankane utanfor hovudkontoret. 

zoomDet er lite fisk og folk på anlegget no i februar. Fabrikken som stod ferdig i 2012 kan ta 100.000 tonn laks i året med fullt belegg.
Det er lite fisk og folk på anlegget no i februar. Fabrikken som stod ferdig i 2012 kan ta 100.000 tonn laks i året med fullt belegg.

Testar villig vekk

I tillegg er det mykje og ymse utstyr som hamnar ute i merdane deira, til dømes reinsefiskhotellet SafeHide, undervassdroner og tubenøter. Selskapet er opne for gründerar som vil teste gode prosjekt, fortel Økland. Og seier dei ja, så forpliktar det.

- Det er kan hende derfor mange kjem til oss og spør om dei kan teste ting. Me har fantastisk flinke folk ute på anlegga våre, som òg ser verdien av å teste ny teknologi, seier Økland. 

Bremnes Seashore

  • Morselskapet er Bremnes fryseri.
  • 403 tilsette jobbar på 28 stader i ni kommunar. All foredlinga skjer i Øklandsvåg på Bømlo.
  • Har 21 matfiskkonsesjonar, 3 fou-konsesjonar og 3 settefiskanlegg. 
  • Matfiskproduksjonen er i tre regionar, Ryfylkebassenget, rundt Bømlo og inne i Hardangerfjorden.
  • I fjor produserte dei 28.000 tonn laks i sjø og slakta 42.000 tonn.
  • Omsette for 2,7 milliardar i 2018.

Sterk merkevare

Kjem ein på besøk til Bremnes Seashore, kjem ein liksom ikkje utanom Salma-laksen. Dotterselskapet som er salsselskapet for Salmaen heiter Salmon Brands og starta som ein joint venture mellom Bremnes og Tine. Historia er fortalt før, men verd å gjenta.

Eventyret starta med den etter kvart segnomspunne spekepølsa av laks som Tine ville utvikle. Meierigiganten hadde mykje myseprotein til overs og såg etter nye måtar å bruke det på. Dei landa på spekepølsa, og vart begeistra for den jamne kvaliteten til Bremnes Seashore.

Show me that damn fish

Soga vil ha de slik at etter at Tine sine folk hadde reist verda rundt for å selje nyvinninga, fekk dei denne beskjeden av ein amerikansk kunde: «Never mind the sausage, where can I get that damn fish?». Og slik vart den no veletablerte Salma-laksen fødd.

- Plutseleg var den overalt, seier Økland.

- Salma er jo ein bra laks? Trengst det betre kvalitet?

- Det kan du seie. Skulle me berre ha stoppa? Me kan jo ikkje det. Det er ikkje i kulturen vår. Kulturen vår er at me skal utvikle oss. 

zoomTradisjonelle ventemerdar i sjø trengst enno.
Tradisjonelle ventemerdar i sjø trengst enno.
zoomSjøvatnet i tankane vert henta frå 70 meters djup og spelar på at laksen er vekselvarm og tilpassar seg temperaturen i omgjevnadane.
Sjøvatnet i tankane vert henta frå 70 meters djup og spelar på at laksen er vekselvarm og tilpassar seg temperaturen i omgjevnadane.
( VILKÅR )
 
Del saken