Skjeltrålaren «Kovda» byggjast om til autolinefartøy som skal fiske tannfisk i Sørishavet ved Los Marine på Bømlo. Når båten er ombygd, er den vel 72 meter lang. Foto: Kjersti Kvile
Skjeltrålaren «Kovda» byggjast om til autolinefartøy som skal fiske tannfisk i Sørishavet ved Los Marine på Bømlo. Når båten er ombygd, er den vel 72 meter lang. Foto: Kjersti Kvile
Skjeltrålaren «Kovda» byggjast om til autolinefartøy som skal fiske tannfisk i Sørishavet ved Los Marine på Bømlo. Når båten er ombygd, er den vel 72 meter lang. Foto: Kjersti Kvile

Båthekken blir forlenga med 12 meter for å få på plass eit heilt nytt konsept for autoline

Sjøfugl kan vere eit stort problem når ein fiskar i Antarktis. Etter at gründerselskapet Sago Solutions hadde løyst problemet med kval, kasta dei seg over albatrossen.

På Bømlo går det føre seg ei storstilt ombygging av skjeltrålaren «Kovda». Reiarlaget Pesquera Azul Norge skal satse på fiske etter tannfisk i Sørishavet. Og båten dei skal ha med til Antarktis er ein flytande prototype. Den skal mellom anna forlengast frå 60 til 72 meter med ein påbyggingsmodul som har innvendig sette- og dragebrønn for liner. Modulen har fått namnet Sago Combi Pool.

- Å plassere eit basseng akter i fartøyet der det er store rørsler høyrest jo ikkje heilt klokt ut, så det krev tilpassingar, vedgår Ingunn Sørvik.

Ho er dagleg leiar i Sago Solutions, som ho driv saman med familien. Det er far hennar, Omar Sørvik, som er oppfinnaren, og også ein av reiarane som bygger om «Kovda». 

- Om dette verkar, blir det ein boom, då skal alle ha, trur Olav Hilmar Koløy, dagleg leiar i Los Marine som byggjer om båten. 

zoom- Me er forberedt på å møte mange hinder undervegs, men me tenkjer som så at det må til for å kunne lære og utvikle løysingane vidare, seier Ingunn Sørvik, dagleg leiar i Sago Solutions. Ho har fått kontor på ein lekter rett ved «Kovda» og er innom kvar dag. 
- Me er forberedt på å møte mange hinder undervegs, men me tenkjer som så at det må til for å kunne lære og utvikle løysingane vidare, seier Ingunn Sørvik, dagleg leiar i Sago Solutions. Ho har fått kontor på ein lekter rett ved «Kovda» og er innom kvar dag. 

Sett ut linene innvendig

Tekfisk har tidlegare skreve om Sago Extreme, ei løysing for å få bukt med problemet med kval som et opp fangsten på lina. I arbeidet med å finne den optimale metoden å nytte Sago Extreme, vart ideen om Sago Combi Pool til.

Konseptet er inspirert av Moon Pool-løysinga, som mellom anna brukast på autolinefartøy, men òg i oljebransjen og på forskingsskip. Det er ei opning i skroget som gir enklare og sikrare tilgang til vatn. 

- Her lagar me eit innvendig, kontrollert arbeidsområde som gjer at mannskapet vert skjerma for vêr og vind, og alt arbeid med liner skjer innandørs gjennom bassenget også utsetting, fortel Ingunn Sørvik. 

Dei kan også kontrollere bølgefrekvensane i bassenget med justerbare opningar, samt at bassenget i seg sjølv er designa for å redusere fartøyets stampebevegelsar. 

Bevarer sjøfugl, unngår is

Ein av grunnane til at dette er så viktig, er sjøfugl. Fiskarar i Antarktis har hatt store problem med det i Antarktis, særskilt med albatrossen som er utryddingstrua. 

Normalt når lina forlét båten, ligg han i overflata ei stund før han søkk. Då kjem sjøfulg som jaktar agnet. Då er det også fare for at han set seg fast i krokane og vert med ned. Fuglen har nokre gonger ført til stopp i fisket

- No skjer alt via bassenget, så når lina forlèt båten, er den allereie under overflata og mindre tilgjengeleg for fugl, seier Sørvik.

Ein annan god grunn er at dei reduserer problem med drivis. 

- Is gjer at effektiviteten i fiskeriet blir låg. Det gjer at fartøy blir liggande i dagar og veker før dei kan fortsette arbeidet. Det er det ingen som er tent med, forklarer Sørvik. 

zoomDet nystarta reiarlaget Pesquera Azul Norge eig båten. 
Det nystarta reiarlaget Pesquera Azul Norge eig båten. 

Naudsynt framdrift

Mannskapet kan ikkje bruke propellane når dei skal hale linene i bassenget. Derfor vert det installert eit thruster-system i forskipet i tillegg til dei eksisterande propellane. Dette vil også fungere som eit naudsystem. 

Saman med Fiskevegn jobbar dei òg med å utvikle ei ny line. 

Mange testar

Konseptet er testa i Stad Towing Tank i Måløy. Der har dei bygd originalskroget i modell og påbyggingsmodulen kvar for seg. Og så har dei samanlikna testresultat med og uten forleninga montert på.  

Mange faktorar speler inn når båten skal testast ut i det verkelege antarktiske liv.

- Me skal teste kvar enkelt del, både funksjonen på Sago Extreme og bassenget. Det skal fungere i sjø, det skal fungere om bord. Det skal handterast og det skal tole motstand i sjø, seierSørvik.

Isen blir toppen av den kransekaka. Påbygget er teikna, og så teikna om att, og så om igjen.

- Me prøver å redusere risikoen så mykje me kan, fastslår Sørvik. 

( VILKÅR )
 
Del saken