Los Marine får ny dokk, kontor og slipp. Øvst til høgre i biletet er tomta der Unitech skal bygge nytt teknologisenter. Illustrasjon: Los Marine
Los Marine får ny dokk, kontor og slipp. Øvst til høgre i biletet er tomta der Unitech skal bygge nytt teknologisenter. Illustrasjon: Los Marine
Los Marine får ny dokk, kontor og slipp. Øvst til høgre i biletet er tomta der Unitech skal bygge nytt teknologisenter. Illustrasjon: Los Marine

Her bygges et nytt høgteknologisk område

Med teknologisenter, ein ny, gigantisk dokk og ei topp moderne havbrukslinje, skal bømlingane møte framtida.

Tomta er sprengt ut, og klar for byggestart, men Unitech jobbar med å få på plass ei havbrukslinje knytt til det nye teknologisenter. Dermed har dei utsett bygginga fram til det er avklart. Gunnar Birkeland, prosjektleiar for senteret fortel at dei er i dialog med fylkeskommunen i Hordaland.

- Yrkesskulen blir meir og meir realistisk og veldig spennande. Me kan få etablert noko ein ikkje har sett makan til før, seier han til Tekfisk. 

Unitech har gått saman med Los gruppen og Bømlo kommune om eit storstilt industriprosjekt på Rubbestadneset. Fiskeribladet har tidlegare skreve at det er snakk om investeringar til over 600 millionar kroner.

zoomSlik blir Unitech teknologisenter.
Slik blir Unitech teknologisenter.

God framgang

Senteret skal innehalde eit stort testlaboratorium, verkstad og alt som trengst for å utvikle og teste ny teknologi innanfor fornybar energi, marin biologi, oppdrett og transport av levande fisk. Her skal ein skape nye produkt og utvikle pilotar og prototypar.

Nokon dato for å når bygginga startar, er ikkje sett enno.

- Mange jobbar med prosjektet kvar bidige dag, sjølv om det ikkje skjer noko fysisk på tomta. Prosjektet har god framgang, forsikrar Birkeland.

Målet er at bygget er på plass i løpet av 2020.

Unitech teknologisenter

  • Senteret vil gjere tilgjengeleg teknologi frå havnæringane til fleire bransjar, og legge til rette for raskare industriell vekst gjennom effektiv testing, simulering og visualisering av ny teknologi og nye løysingar.
  • Senteret er teke opp i ordninga Norsk Katapult, og vil vere del av Sustainable Maritime Norwegian Catapult Center.
  • Skal vere ein møteplass for dei som utviklar miljøteknologi og fornybar energi, særleg opp mot havnæringane.
  • Senteret vil bestå av ein kontordel, og ein stor utviklingshall der ein kan utvikle og teste pilotar og prototypar.

Meiningslaust å leggje ned skulen

På yrkesskulen er det planlagt linjer for elektriske og mekaniske fag i tillegg til havbruk.

- Det er ein politisk prosess som går, og det blir nok avklart i løpet av året. Eg ser at det er stadig breiare støtte for det. Dei ville vore meiningslaust å ta yrkesskulen vekk frå Rubbsestadeneset som har eit heilt unikt industrimiljø der alle er sikra lærlingplassar, seier Birkeland.

Ny dokk og slipp

Samstundes jobbar også Los Marine, skipsserviceselskapet på Rubbestadneset, med sine planar for utbygging. 

Heile området skal sprengast ut og store deler av vågen skal fyllast ut med masse. Så skal det byggjast ein svær skipshall, båtlift og nye kontorlokale og slipp. 

Los Marine skal ut til entreprenørane for å få pris, og håper å starte sprenginga denne månaden.

- Det er masse på gong, innrømmer dagleg leiar Olav Hilmar Koløy i Los Marine.

Nye arbeidsplassar

Dei jobbar nemleg på spreng med ombygginga av skjeltrålaren «Kovda», i tillegg til den vanlege drifta. 

 Målet er at utbygginga deira skal vere ferdig i midten av 2021.

- Det kjem til å bety utruleg mykje for arbeidslivet her, seier Nina Ingvaldsen, dagleg leiar i teknologiklynga på Rubbestadneset.

Det er snakk om at senteret vil gi 120-200 nye arbeidsplassar.

Nye marknadar

I dag er det slik at om dei tek opp ein båt på slippen, må dei vente til den er ferdig før dei kan gå på den neste. Men når området står ferdig, kan dei jobbe på fire-fem-seks småbåtar på ein gong, i tillegg til å ha to store prosjekt i dokken.

- Det vil opne ein stor marknad for mellom anna hurtigrutebåtar og cruiseskip samt offshorebåtar, seier Koløy. 

Oppdrett og fiskeri

Unitech si kjerneverksemd er innanfor olje og gass, men oppdrett er blitt eit viktig satsingsområde. Dei har også nokre prosjekt innan fiskeri. 

- Me har allereie bygd ein konteinar som fraktar levande kongekrabbe frå Nord-Norge til Amsterdam, fortel Birkeland.

Dei utviklar også ny teknologi for resirkuleringsanlegg og jobbar med sol- og vindenergi for eksponerte havbruksanlegg, i tillegg til kraftkabelproduksjon som kan forsyne oppdrettsanlegg nærmare land. 

zoomPå teknologisenteret skal dei teste, simulere og visualisere ny teknologi og nye løysingar. 
På teknologisenteret skal dei teste, simulere og visualisere ny teknologi og nye løysingar. 

Vi ønsker å finne ut mer om deg som leser Tekfisk, og håper du kan sette av noen minutter til å svare på denne korte leserundersøkelsen.

( VILKÅR )
 
Del saken