Om alt går som det skal, er båten ute på fiske etter tannfisk i Sørishavet vil vinteren. Foto: Kjersti Kvile
Om alt går som det skal, er båten ute på fiske etter tannfisk i Sørishavet vil vinteren. Foto: Kjersti Kvile
Om alt går som det skal, er båten ute på fiske etter tannfisk i Sørishavet vil vinteren. Foto: Kjersti Kvile

Her blir den 30 år gamle skjeltrålaren til eit topp moderne autolinefartøy

I desse dagar er det mest eit skal som står att av båten. Men til vinteren er han klar for å fiske tannfisk i Sørishavet.

Ein haug av folk strøymer ut i lokalkontora hos Los Marine. Vekemøtet er nettopp avslutta, og 15-20 prosjekt er vridd og vendt på for å finne ut av status og fakturering.

 Dei har travle dagar no med det største prosjektet som nokon gong har vore her i hamna på Rubbestadneset på Bømlo. 

- Det er sånn det skal vere, det er det som er kjekt, seier dagleg leiar Olav Hilmar Koløy etter at han har strekt fram ein sterk neve som sidan har skjenkt i kaffi. 

Los Marine

  • Dotterselskap i Los Gruppen. 
  • Los Marine vart etablert i 2014 etter eit oppkjøp frå Wärtsila som framleis ligg vegg i vegg.
  • Hovudkontoret til Los Gruppen er på Bømlo, med avdelingar i Bergen, Kristiansand, Ølven og Oslo.
  • Har 59 tilsette i dag, men skal bemanne opp. Målet for 2021 er over 100 tilsette, truleg opp mot 150. 
  • Har også mål om å doble omsettinga i 2019 frå cirka 101 millionar året før. 
  • Los Gruppen hadde 300 tilsette i fjor og ei omsetning på 450 millionar kroner.

Det meste rivast ut

Utanfor kontoret skjer det viktigaste arbeidet. Ei ferje ligg på flytedokken, eit par mindre båtar lenger aust. Og midt i smørauget, «Kovda», storprosjektet til ei verdi av godt over 100 millionar, som skal ta bedrifta inn i ei heilt ny tid. 

60 mann er i full sving med å brenne vekk stål, skjere ut og ta vekk. Det er mykje som ikkje trengst i båten som vart bygd i 1987.

Ein del av fabrikkdekket sandblåsast, før det får eit tynt strøk med måling. Bortanfor driv Mariusz Morajski på med ein «hammar». Han bankar rundt, finn ut kor plata er god og ikkje. 

Eit stort lerret er bleika. No skal den snart fargeleggast igjen med teknologi og smarte løysingar for båten som skal starte fisket etter tannfisk i Sørishavet til vinteren. 

Sjå fleire bilete nedst i saken.

Utolmodige etter å få jobbe

- Me har riving og klargjering i nokre veker til før me kan bygge opp igjen alt saman, seier Koløy der han viser rundt i det som mest er eit båtskal. 

Arbeidet begynte 10. januar. Då klødde dei alle etter å sette i gang.

- Me begynte før me sende ut pressemeldinga. Me klarte ikkje vente lenger og måtte berre jobbe litt, seier Koløy og ler. 

Ingen overraskingar

Med på omvisinga er også Ingunn Sørvik, dagleg leiar i Sago Solutions. Dei leverer utstyret Sago Extreme, ei løysing som av-anglar og sikrar fangsten allereie på sjøbotn. Dette hindrar at ein mistar fangst til mellom anna kval. 

Den er det faren hennar, Omar Sørvik, som har utvikla. Han er også ein av dei tre reiarane som eig båten. 

- Det er mykje arbeid å byggje om, men me har vore heldige. Ingen overraskingar, seier Ingunn Sørvik, og fortar seg å leggje til:

- Bank i bordet. 

zoomDei har skore hol i alle dekk for å få ut hovudmotoren, gir og hjelpemotor. Motorrommet 10-15 meter lenger ned er heilt reinska.
Dei har skore hol i alle dekk for å få ut hovudmotoren, gir og hjelpemotor. Motorrommet 10-15 meter lenger ned er heilt reinska.

Vil vekse

Koløy tok over som dagleg leiar i mars i fjor. Målet hans er å få selskapet til å ta større prosjekt.

- Sjølvsagt er det skumlare. Men fram til no har det vore fullt av småjobbar som er blitt til ein stor jobb, seier han. 

Sjølv har han erfaring frå Dof Management og rygger ikkje tilbake frå nokre ekstra nullar på kontraktane. 

For tidleg ute

På brua står karar frå Lido Marine. Dei skal innreie båten.

- Det ser bra ut, men du er her litt tidleg, meiner dagleg leiar Kenneth Waage. - Du skulle vore her om åtte månader.

- Har du ikkje sett ekstrem oppussing? spør Koløy, for det er klart ein må sjå utviklinga fram til praktverket.

zoom- Me er komne godt i gang, seier daglig leder Olav Hilmar Koløy, her med utsyn «Kovda» over anlegget til Los Marine.
- Me er komne godt i gang, seier daglig leder Olav Hilmar Koløy, her med utsyn «Kovda» over anlegget til Los Marine.

Har meir jobb enn før

Samstundes som kreftene settast inn på «Kovda», går drifta elles som normalt. Bedrifta har 120-130 båtar inne til vedlikehald i året.

- Faktisk har me meir enn det me har hatt tidlegare, fortel Koløy.

- Korleis får de til det?

- Det veit eg ikkje. Eg har begynt å lure. Me gav priser på seks ferjer for 14 dagar sidan og fekk alle seks, då begynte eg å lure på om prisen er feil. Men det er utruleg mykje positivt i marknaden no, seier Koløy.

Dei får mykje fleire førespurnadar både på fiskebåtar, ferjer og offshore.

Meir hybrid og batteri

Los Gruppen starta som eit elektrofirma i 1983. Martin Lønning og Jakob Særsten jobba på yrkesskulen som lærarar, og som elektrikarar på ettermiddagane.

Elektrisitet går som ein raud tråd gjennom selskapet si historie, og no jobbar dei med å styrke seg på hybrid- og batteriombyggingar. Førebels har ikkje fiskarane meldt særleg stor interesse for dette, i og med at dei treng mykje kraft og kan måtte leite etter fangst ei stund. Då er det feil at batteria er tomme når fisken dukkar opp. Men selskapet er klare, den dagen fiskarane er det. 

- Det går vel nokre år før dei har tenkt seg ferdig, seier Koløy.

Mellom anna jobbar dei med å heve kompetansen til alle dei tilsette. Ein million kroner er sett av i året til kursing.

- Alle nye ferjer som kjem no er hybrid. Då må me ha folk som er flinke både på gass og batteri, seier Koløy. 

zoomKenneth Waage (t.v.), Roy Treland og Tor Sverre Hansen i Lido Marine  skal innreie båten. Kapteinsstolen er allereie på plass, seier dei og ler.
Kenneth Waage (t.v.), Roy Treland og Tor Sverre Hansen i Lido Marine  skal innreie båten. Kapteinsstolen er allereie på plass, seier dei og ler.
zoomUtanfor båten ligg ein liten brøkdel av dei mange 100 tonna stål som er fjerna sidan arbeidet starta 10. januar.
Utanfor båten ligg ein liten brøkdel av dei mange 100 tonna stål som er fjerna sidan arbeidet starta 10. januar.
zoomFramleis er teikninga frå slik båten var då den kom, men dei skal oppdaterast etter kvart som arbeidet skrir fram.
Framleis er teikninga frå slik båten var då den kom, men dei skal oppdaterast etter kvart som arbeidet skrir fram.
zoomPropellhovudet til båten ligg klart til montering.
Propellhovudet til båten ligg klart til montering.
zoomI garderoben er flisene fjerna og betongen frest opp. Snart kjem det nye veggplater og golv.
I garderoben er flisene fjerna og betongen frest opp. Snart kjem det nye veggplater og golv.
zoomSidan båten kom frå Russland på nyåret, er det skjedd mykje.
Sidan båten kom frå Russland på nyåret, er det skjedd mykje.
( VILKÅR )
 
Del saken