Desse makrellfiletane er hardt ramma av Kudoa thyrsites, og kjøttet er blitt flytande.Foto: Arne Levsen/Havforskingsinstituttet
Desse makrellfiletane er hardt ramma av Kudoa thyrsites, og kjøttet er blitt flytande.Foto: Arne Levsen/Havforskingsinstituttet
Desse makrellfiletane er hardt ramma av Kudoa thyrsites, og kjøttet er blitt flytande.Foto: Arne Levsen/Havforskingsinstituttet

Denne makrellen kan drikkast med sugerøyr

Ein parasitt gjer fiskekjøttet om til flytande masse.

Når vertane døyr, begynner dei mikroskopiske Kudoa-sporane å bryte ned fiskekjøttet, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider

- Kudoa er ikkje farleg for menneske, eller for så vidt fisk mens han lever. Parasitten kan derimot vere ein trugsel for omdømmet til fisk og omsetting, seier parasittolog Lucilla Giulietti i meldinga. 

Kudoa thyrsites er mikroskopiske myxosporidiar. Dei er bitte små sporar og tremenningane til nesledyr som maneter, korallar og sjøanemonar.

Ser fin ut etter fangst

Sporane trenger inn i muskelvevet til fisk på måtar vitskapen ikkje kjenner til endå. Der ligg dei i dvale til fisken døyr. Då begynner Kudoa-parasitten å produsere enzym som «fordøyer» fiskekjøttet. Etter 24-36 timar er det omgjort til ein slimete fiskegraut. 

- Utfordringa er at fisken ser heilt fin ut rett etter fangst. Han kan til og med rekke å nå fiskedisken og ein kunde før flytande-kjøtt-syndromet inntreff, seier Giulietti.

Ein prosent

I Peru Til dømes oppstår problemet i rundt halvparten av all lysing. 

I prøver av norske makrellfangstar gjennom 15 år finn havforskarane Kudoa-parasitten i opptil éin prosent av fiskane, eller éin av hundre.

Forskarane har funnet parasitten mest hos pelagisk fisk i Norge, men det er også i desse artane dei har leita mest. 

Ikkje meir Kudoa

Etter initiativ frå fiskerinæringa er Havforskingsinstituttet med om bord på fleire fisketurar i året med kommersielle fiskebåtar for å leite etter mikrobar og parasittar i makrellfangstar.

Mens andre parasittar nyt godt av klimaendringar og breier om seg i varmare vatn, har forskarane heldigvis ikkje registrert meir Kudoa i løpet av dei same 15 åra. Førekomsten har vore stabil.

Italienske Lucilla Giuletti er tilsett ved Havforskingsinstituttet for å skrive doktorgrad om artsmangfaldet, smittesyklus, livet og utbreiinga til Kudoa.

( VILKÅR )
 
Del saken