Silvija Seres har jobba mykje med digitalisering.Foto: Øyvind Elvsborg
Silvija Seres har jobba mykje med digitalisering.Foto: Øyvind Elvsborg
Silvija Seres har jobba mykje med digitalisering.Foto: Øyvind Elvsborg

- Kunstig intelligens er berre eit verktøy. Det er alltid eit menneske bak.

I ei verd der data gjer fiskeoppdrett meir og meir sjølvstyrt, er det viktig å ha kontroll over retninga ein går i.

Det meiner bedriftsrådgjevar og matematikar Silvija Seres. Ho peikar på at måten samfunnet blir drive framover på er meir og meir basert på sjølvstyring og dataprosessorar. 

- Men big data og kunstig intelligens (IA) er berre eit verktøy. Det er alltid eit menneske bak. Til dømes kva din tanke er om korleis lusesituasjonen utviklar seg. Det er me menneske som må bestemme kva me vil med alle mønstera me kan få ut av innsamla data. Det nyttar ikkje å springe raskt dersom ein ikkje har ein retning. Då spring ein rundt seg sjølv, sa ho under ein konferanse Cargill arrangerte førre veke.

Havet er underutnytta

Matematikaren slo fast at det ikkje er olja som har gjort Noreg til verdas rikaste land og på toppen når det kjem til lykke, skriv IntraFish.

- Nigeria fann òg olje, men er verken rikast eller lykkelegast. Det som har gitt nordmenn fordelane og posisjonane er den fandenivoldske innstillinga. Noreg har eit tøft utgangspunkt når det kjem til geografi, og som utlending kan eg også seie at det er utfordringar med klimaet. Det at ein har laga løysingar som held seg ein vinterstorm. Det har me gjort med vikingskip, vasskraft og gjødsel, og me er i ferd med å gjere det med havet. Det ein kan gjere i vatn er fullstendig underutnytta i dag. De set midt i smørauge. Det er ikkje rom for å auke matproduksjonen på landjorda. De har ei utruleg viktig oppgåve når det kjem til å skaffe verda nok mat, sa ho.

Høyr podkast om kva oppdrettarar og utstyrsleverandørar jobbar med digitalisering:

Verdifull data

Seres gjekk gjennom utviklinga til den industrialiserte verda og dei ulike industrielle revolusjonane som har vore dei siste 200 åra. Dette knytte ho opp mot dagens samfunn og var oppteken av kor stor verdi våre eigne data har og at ein ikkje bør la andre kapitalisere på dei fordi me gir vekk mykje gratis.

- Det er i kvar ende av ei produksjonssyklus dei store marginane ligg. Dei som er i midten får lite eller ingenting. Det har det vore med skip og kraftproduksjon og oljeservice. No er det slik med fiskeproduksjon. Den som kontrollerer produksjonssyklusen er den som bestemmer marginane, sa ho.

zoomBedriftsrådgjevar og matematikar Silvija Seres trur Kina kjem til å springe etter Noreg for å lære om vår matproduksjon om nokre år.
Bedriftsrådgjevar og matematikar Silvija Seres trur Kina kjem til å springe etter Noreg for å lære om vår matproduksjon om nokre år.

Kina vil springe etter

Ho trakk fram dei mange overføringane som har skjedd mellom oljeteknologi og fiskeoppdrett.

- Det er utruleg mange spennande historier om folk som finn nye måtar å bruke VR til å måle fisken under vatn og kunstig intelligens til å seie noko om stressnivået i fisken. Me ser at det vert utvikla algar som kan brukast til noko av det beste innan medisin samstundes som det reinsar vatnet det er i. Om nokre år kjem Kina til å springe etter Noreg for å lære om vår matproduksjon, meiner ho.

Ho understreka at me menneske har grunnleggande vanskar med å førestille oss det me ikkje veit noko om. Då er det utfordrande å vite retninga.

- Men om ein ikkje bestemmer seg for noko, blir ein ståande igjen slik Nokia gjorde det då smarttelefonane kom, sa ho.

Viktig å ha kontroll

Også kybernetikar Thor Hukkelås, direktør for forretningsutvikling akvakultur i Kongsberg Maritime, som leverer autonome løysingar for mange ulike næringar, inkludert fiskeoppdrett, var oppteken av kor viktig det er å ha kontroll på dei autonome (sjølvstyrande) prosessane som overtar mykje av oppgåvene som tidlegare er utført av personar.

Dei siste åra har han og kollegaene jobba mykje med Salmars offshoremerd.

- Det har vore ein biologisk kjempesuksess tør eg å seie, sjølv om ikkje Salmar er her, sa Hukkelås, som brukte det meste av innlegget til å snakka om korleis ein kan ta vare på både menneske og fisken i dei nye måtane å produsere på.

zoomThor Hukkelås, direktør for forretningsutvikling akvakultur i Kongsberg Maritime, er oppteken av å utvikle system som kan lukke fôringa av laks og gjere den sjølvstyrt.
Thor Hukkelås, direktør for forretningsutvikling akvakultur i Kongsberg Maritime, er oppteken av å utvikle system som kan lukke fôringa av laks og gjere den sjølvstyrt.

Kontroll på biologien

- Ting går så mykje raskare i dag og det blir produsert utruleg mykje data. Ein kan produsere alle moglege datasystem, men før eller seinare vil det feile. Då er det viktig at det er eit menneske der som kan gripe inn og ta kontrollen, sa han.

Han trakk fram utviklinga av dynamisk posisjoneringssystem for skip som noko av det viktigaste som har skjedd for norsk oljeutvinning. No jobbar dei med å utvikle eit system som gjer at fôringa skal skje automatisk. Her brukar dei data til å finne ut kva som gir den beste vekstraten og fôrfaktoren, samstundes som ein tek omsyn til at fisken skal ha det bra og at det ikkje går ut over biologien.

- Ein kan seie det slik at ein tar den beste fôraren i Salmar og legg han inn i datasystemet slik at han kan fôre alle lokalitetane. På den måten kan ein lukke loopen. Utfordringa i dette er jo å ha kontroll på biologien. Å utvikle eit dynamisk posisjoneringssystem for skip er langt enklare, sa han. 

( VILKÅR )
 
Del saken