Lingalaks-lokalitet i Hardanger.Foto: Pressefoto
Lingalaks-lokalitet i Hardanger.Foto: Pressefoto
Lingalaks-lokalitet i Hardanger.Foto: Pressefoto

Snart skal fisk fôra på algeolje ut i butikkene

Lingalaks i Hardanger er eitt av dei første selskapa til å ta i bruk fôr produsert med den nye algeolja til Veramaris.

Når utbygginga av den tredje algefabrikken er ferdig, kan Veramaris produsere 15 prosent av laksenæringas behov for marine oljer som inneheld DHA og EPA.

Og det er ingen problem å auke produksjonen.

- I dag har me drift ved to fabrikkar, ein i USA og ein i Slovakia. Den tredje fabrikken vår er under bygging i USA, og vil starte produksjon snart. Då har me kapasitet til å produsere 15 prosent av den globale etterspurnaden etter marine oljer til laks, fortel administrerande direktør Karim Kurmaly i Veramaris til IntraFish.

zoomAdministrerande direktør Karim Kurmaly i Veramaris.
Administrerande direktør Karim Kurmaly i Veramaris.

Fri for framandstoff

Denne veka presenterte selskapet samarbeidet mellom dei, Skretting og Lingalaks i Norheimsund.

Kurmaly understrekar at det er lett å auke produksjonskapasiteten dersom behovet og etterspurnaden er der. Selskapet bruker lokalt produsert sukker i gjæringsprosessen. Algestamma, Schizochytrium, som er brukt, produserer begge dei omega-3-rike feittsyrene EPA og DHA som er viktige både for laksen og for konsumentane.

- Algeolja me produserer er fri for framandstoff, og den er langt meir konsentrert enn olje frå villfanga fisk. Dette gjer at lakseproduksjonen blir meir berekraftig. For å produsere laks, treng ein marine oljer. I dag er hovudkjelda villfanga fisk som er ein avgrensa ressurs. Med denne algeolja er ikkje dette eit problem, seier han.

Restråstoffet som er igjen etter algeproduksjonen, brukar selskapet til å lage fôr til storfe.

- Tilgangen til kortreist sukker, og kort veg til å bruke restane til proteinrikt fôr til storfe, har vore svært viktige for kva fabrikkane våre er plassert, fortel han.

Snart slakteklar laks

Lingalaks i Hardanger er eitt av dei første selskapa til å ta i bruk fôr produsert med den nye algeolja. Den første generasjonen av fisk skal snart slaktast ut frå merdane og seljast til forbrukarane. Totalt er det snakk om 5-6.000 tonn laks. No jobbar selskapet med å få på plass avtalar som kan sikre ein høgare pris for laksen som er produsert med algeolja.

I fôret dei brukar er innhaldet av marine ingrediensar frå fisk redusert frå 10 til 7 prosent. Det gjer at selskapet kryssar grensa for å produsere meir kg fisk enn kg fisk selskapet brukar for å fôre laksen. 

Algeolja er i snitt tre gongar så konsentrert med DHA og EPA enn fiskeolje. I tillegg er innhaldet stabilt, og ikkje varierande slik det er for fiskeolje.

- Sjølv om me ikkje har brukt fôret heile tida fisken har vore i sjøen, er me blitt ein nettoprodusent av fisk. Det meiner eg er ein fordel. Me har alltid brukt eit fôr med litt ekstra marine ingrediensar, men no brukar me mindre kilo fisk i fôret enn kilo fisk me produserer, fortel dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Lingalaks.

zoomAdministrerande direktør Erlend Haugarvoll i Lingalaks.
Administrerande direktør Erlend Haugarvoll i Lingalaks.

Litt dyrare i bruk

Så langt har dei ikkje fått på plass avtalar med butikkjeder som vil satse på laksen som er produsert på denne måten. Men dei jobbar for å lansere laksen som eit eige produkt for å få ein høgare pris. For kostnaden med å bruke algeolje er litt høgare enn å bruke marine oljer frå villfanga fisk.

- Det kostar ca. 50 øre meir per kg fisk, men me reknar jo med at det blir rimelegare når produksjonen av algeolja aukar, seier Haugarvoll.

Veramaris-sjef Kurmaly er ikkje like sikker på at det vil skje.

- Nei det blir ikkje nødvendigvis slik. Algeolja er meir konsentrert enn olje frå villfisk. Den er fri for miljøgifter og fullt ut berekraftig. Konsumentane vil forstå at dette er premium. For oppdrettarane ligg nøkkelen i å få meir igjen ute i butikkane. Våre undersøkingar viser at det er mogeleg. Me har snakka med mange butikkjeder, spesielt i Tyskland, Frankrike og Storbritannia, og dei ser at endringane hos konsumentane endrar seg. Berekraft er noko dei er svært opptekne av, og vår løysing er ei positiv historie for laksen. Spørsmålet er no om ein kan levere nok laks gjennom heile året produsert med denne algeolja, seier han.

Kan produsere utan fiskeolje og fiskemjøl

Det er Skretting som produserer laksefôret med algeolja frå Veramaris. Selskapet har allereie produsert laks utan fiskeolje i fôret på forsøksbasis. Denne laksen vart servert under siste Aqua-Nor og under forskingsdagane i Stavanger. Men no er fôret altså for første gong brukt i kommersiell produksjon.

- Me har produsert laks utan bruk av fiskeolje heilt fram til slakt. Det går heilt fint, og smaken er den same. Me kan i dag gå til null bruk av fiskeolje dersom me ønskjer det, men det er ikkje noko som er etterspurt i marknaden i dag, fortel Mads Martinsen til IntraFish. Han er direktør for produktutvikling i Skretting.

zoomMads Martinsen, direktør for produktutvikling i Skretting.
Mads Martinsen, direktør for produktutvikling i Skretting.

Erlend Haugarvoll er også oppteken av fisken si helse. Å bruke algeolje i fôret har ikkje gitt nokon merkbare skilnadar for helse og biologi.

- Me har tatt blodprøvar og filetprøvar undervegs i produksjonen som viser at nivået av omega-3 blir halde oppe. Dette skal vere, og er, tilnærma likt som om me brukar andre marine ingrediensar. Me startar med gradvis innblanding og ser det an. Ein tilleggseffekt er også at dette er eit produkt heilt utan miljøgifter Om me kjem til å gå over til fôr med berre algeolje, har me ikkje tatt noko avgjersle på enno. Fyrste målet er å få det i heile produksjonen og finne ein kjøpar som vil betale for det, seier han.

Martinsen understrekar at Skretting er det første selskapet som har kunnskapen til å produsere laksefôr heilt utan fiskemjøl eller fiskeolje.

- Me kan også auke innhaldet av omega-3 feittsyrene DHA og EPA i laksen om ønskeleg. Men det er nok omega-3 i oppdrettslaksen i dag, både for laksen sjølv og for oss som et den, seier han.

( VILKÅR )
 
Del saken